Aksjonerte for betre busstilbod

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

KrFar kasta skjorta for buss

 

– Poenget vårt er at det ikkje burde vera slik at du er avhengig av bil for å koma deg heim om kvelden, seier Solveig Økland, fylkesleiar i Sogn og Fjordane KrFU i ei pressemelding.

Oftare bussavgangar

– Aksjonen har som formål å setja fokus på at det kan vera vanskeleg å koma seg fram dersom du ikkje har førarkort, og at me difor må satsa meir på kollektiv transport¸ forklarar Økland. Ho fortel at Sogndal blei valt som aksjonsstad fordi det er eit kollektivknutepunkt, der ein fekk delt ut flyers til mange.

– Sjølv om Sogndal har god dekning med buss fekk me fleire tilbakemeldingar frå folk som meinte bussen burde gå oftare, seier ho.

LES OGSÅ: Er du misnøgd, så engasjer deg!

– Artig måte

Tore Storehaug, 2. plass på lista, deltok også på aksjonen.

– Eg synes dette var ein artig måte å få satt fokus på ein del av utfordringane ungdom i distrikta kan ha med å koma seg fram. Det einaste problemet er at det kanskje blei litt lite søvn, smiler han. Begge er samde om at kollektivtransporten i fylket er delvis god, medan den enkelte stadar har klåre rom for forbetring.

– Til dømes har ungdom utan førarkort i min heimkommune Askvoll ingen muligheit til å vera lenger enn til klokka 15 i Førde på ein laurdag, seier Storehaug.

LES OGSÅ: Vil ha ei hand på rattet

Ikkje koste skjorta

– Eit anna viktig poeng er at det ikkje skal koste skjorta å reisa kollektivt. Kollektivt skal alltid løna seg framfor privatbil, seier ungdomskandidaten. I KrF sitt nye program slår partiet fast at dette skal vera eit prinsipp. I tillegg tek partiet til orde for eit felles kollektivkort for heile landet. Sidan det ikkje stoppar ved fylkesgrensene vil det gjera det billigare og lettare for ungdom som studerer å reisa heim.

Les saka i Sogn Avis!