– Er du misnøgd, så engasjer deg

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

– Busstilbodet er altfor dårleg. Vi vil ha fleire avgangar i helgene og seinare avgangar i vekene. Vi må gjere det meir attraktivt å ta bussen enn bilen, seier Ragnhild Kalleklev Voreland (18).

Ho kjem til å snakke mykje om bussavgangar i tida som kjem. Det er kanskje ikkje så rart at leiaren for Ap-ungdommen på Stord har kollektivtilbod som hjartesak.

Vervekamp
Valkampen er i gong for Stord AUF. Førre veke delte dei ut bollar til dei som reiste kollektivt frå Leirvik. Med eit meir attraktivt kollektivtilbod vil fleire la bilen stå, og dei som vel den miljøvenlege reisemåten fortener ei heidring, var grunngjevinga. Denne veka byrjar kampen for å få tak i dei som ikkje har bestemt seg endå.

– Vi skal til dei vidaregåande skulane for å verve. I dag er vi kring tretti AUF-medlem på Stord. Målet er ti nye i løpet av valkampen.

Voreland og nestleiar Karen Mjør fortel at det kan vere ei utfordring å få folk til å engasjere seg.

– Det er faktisk ikkje så viktig om ein vel å melde seg inn i AUF eller eit anna parti. Det viktigaste er at folk engasjerer seg, framfor å klage over alt dei er misnøgde med, seier Mjør.

Dei har begge vore aktive i AUF i overkant av eit år, sidan dei saman med nokre andre starta opp att lokallaget på Stord.

– Eg meldte meg inn i eit ungdomsparti fordi eg ville gjere ein skilnad. Særleg er eg oppteken av kvinner sine rettar, fortel Voreland.

– Eg har alltid vore engasjert og har ei mor som er politisk aktiv. Å delta i debattar er spanande, seier Mjør.

LES OGSÅ: – Skuledebatten er ein viktig arena for å skapa debatt

Politikk for alle
Dei innrømmer at det kan kjennast som ei hemming at dei ikkje er så mange.

– Å få nok folk er nok ei av dei største utfordringane med å drive lokallag på ein liten stad. I Bergen er det jo eit mykje større miljø, og då er det lettare å få ting til. Mange tenker nok at politikk er kjedeleg, men folk er ikkje klar over kva dei går glipp av, meiner AUF-leiaren.

– Vi arbeider jo med saker som vedkjem oss, som buss og skule. Er du misnøgd med busstilbodet, så er politikk noko for deg, seier nestleiaren.

Dei to peikar dessutan på fleire føremoner ved å vere med i eit lite lokallag.

– Her er det enkelt å komme i styret, og du kan få vere så aktiv som du vil. Vi knivar ikkje om leiarrolla, fortel dei.

– Også er det jo så kjekt! Vi diskuterer, reiser på møter i Bergen og er med på kurs. Politikk kan vere langdryge debattar, men det er òg mykje moro, meiner dei.

QUIZ: Kva veit du om Arbeidarpartiet?

Stemmerett for 16-åringar
Blant sakene som Stord AUF skal freiste å engasjere folk i framover, er ei forbetring av den skulen vi allereie har.

– Privatisering er ikkje vegen å gå. Skulen skal vere for alle og ikkje avhengig av lommeboka. Vi bør heller byggje vidare på det tilbodet vi allereie har. Vi meiner skulane må bli meir tilpassa til elevane. Fleire lærarar og mindre klassar vil gjere at den enkelte eleven blir sett i større grad, meiner Voreland.

– I tillegg er det mange skulebygningar som er i dårleg stand og som bør rustast opp. Stord ungdomsskule er eit døme, der bygningane får forfalle, seier Mjør.

AUF vil dessutan arbeide for at også 16-åringar skal få stemme ved val. Voreland og Mjør trur ikkje det er så stor skilnad på ein 16-åring og ein 18-åring.

– 16-åringar har eigne meiningar og veldig mange er engasjerte. Det er ingen grunn til at ikkje desse skal kunne gjere seg opp ei meining i eit val.

Følg med på siste nytt om stortingsvalet her!