Vil ha ei hand på rattet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ifølgje barnekonvensjonen og norske lovar skal barn og unge få seie meininga si i saker som vedkjem dei. Men når det gjeld samferdselsprosjekt i Noreg, spesielt dei store, føler vi at unge enten blir gløymt, eller blir invitert for seint inn i prosessen. Vi ønskjer å få medverke så tidleg som mogleg, ikkje berre lokalt, men og i regionale og nasjonale prosjekt, seier leiar i Ungdomspanelet i Møre og Romsdal, Åse Kristin Ask Bakke.

Ungdomspanelet (UP) i Møre og Romsdal, Ungdommens fylkesutval (UFU) i Sør-Trøndelag og Nord- Trøndelag barne og ungdomsråd (NTBUR) arrangerer fredag den 24. mai eit dialogmøte om ungdom og samferdsel på fylkeshuset i Trondheim. Hit kjem stortings- og fylkestingspolitikarar, fagfolk frå mellom anna Statens vegvesen og fylkeskommunane, samt ungdom frå heile Midt-Noreg for å diskutere løysningar på korleis ein kan sikre medverknad frå ungdom i samferdselprosjekt.

– Etter denne konferansen så håper vi at all ungdom i Noreg får høve til å få sagt sitt i samferdselsprosjekt som vedrører dei, seier Ask Bakke til Framtida.no.

LES OGSÅ: Greier ikkje å involvera unge

Er tunnel rette løysinga?
Til dømes ønskjer Ungdomspanelet å kome med innspel når ein utgreier og fattar vedtak om val av vegtrase, om tunnel, bru eller ferje/hurtigbåtar er rett løysning, og om gjennomgripande endringar i kollektivtilbodet.

– Vi føler ofte at det er dei vaksne med førarkort og eigen bil som i hovudsak får ta avgjerslene, men veit dei eigentleg kva vi meiner? Dei vedtaka dei fattar har stor innverknad på framtida vår og eg trur ikkje alltid vi ungdomar vil prioritere som dei vaksne, seier Ask Bakke.

Tidlegare har Ungdomspanelet uttala seg om ferjefri E39 og andre prosjekt.

LES OGSÅ: Vil lovfeste medverknad for unge

Talerett for dei utan førarkort
Ungdomspanelet i Møre og Romsdal viser til dømes til prosjekt der ein byggjer undersjøisk tunnel utan å legge til rette for mjuke trafikantar gjennom kollektivtilbod, gang og sykkelvegar eller trafikktryggingstiltak. Ein tunnel vil i slike tilfelle bli eit hinder for alle dei som ikkje kan køyre gjennom i eigen bil. Ungdomane sett og spørsmålsteikn ved ein del prosjekt ut frå miljøomsyn; er alltid meir veg løysinga? 

– Vi ønskjer at barn og unge, eldre, vaksne utan bil og andre mjuke trafikantar skal få sleppe til i prosessane før ein tek dei store avgjerdene. Difor inviterer vi til dette møtet der ungdom, politikarar og fagfolk frå heile Midt-Noreg, og andre i sentrale posisjonar, skal diskutere løysingar på korleis vi kan sikre at ungdom får medverke i alle samferdselsprosjekt, seier leiaren for ungdomspanelet i Møre og Romsdal.