Nynorsk redaktørpris til Bjarne Tormodsgard

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får Nynorsk redaktørpris

– Det er i stor glede å gje Nynorsk redaktørpris for 2012 til ansvarleg redaktør for Hallingdølen, Bjarne Tormodsgard. Han bidreg til å styrkja nynorsk som mediespråk på ein framifrå måte, seier leiar for Mediemållaget, Berit Rekve. Prisen blei delt ut på landsmøtet til Norsk redaktørforening.

I grunngjevinga til juryen heiter det at Bjarne Tormodsgard er ein framifrå representant for den lange og gode lokalavistradisjonen og nynorsk mediespråk. Han er ein medieleiar som går nye vegar og vågar satsa på nye format. Det er òg eit bidrag til å synleggjera språket.

I eit område med sterkt press på både nynorsk og lokal dialekt er Hallingdølen ein av dei viktigaste kanalane for vidareføring av språktradisjonen. Avisa får frå mange hald ros for ledig og god språkføring. Dette er sjølvsagt eit særleg ansvar for redaktøren. Det er òg eit vesentleg redaktøransvar at nytilsette med annan målbakgrunn opplever overgangen til nynorsk som arbeidsspråk som ei positiv utfordring. Slik bidreg redaktøren til å styrkja nynorsk som mediespråk.

For to veker sidan blei Hallingdølen kåra til årets lokalavis på landsmøtet til Landslaget for lokalaviser.

LES OGSÅ: Hårek vann slaget om spalteplassen

Om prisvinnaren
Bjarne Tormodsgard (fødd 1956) voks opp i Ål og er utdanna adjunkt frå Eik lærerhøgskole og Oppland distriktshøgskole. Dette er den tredje perioden hans i Hallingdølen. Han var journalist 1982-1985, redaksjonssekretær 1987-1997 og ansvarleg redaktør frå 1999. Han har òg arbeidd som journalist i Eidsvold Blad 1977-78, Stavanger Aftenblad 1985-87 og Bergens Tidende 1997-99. I 2007 hadde han eitt års permisjon frå jobben i Hallingdølen for å arbeida i eit vikariat på utanriksdesken i Bergens Tidende.