– Historisk godt nynorskvedtak i LO

LO-kongressen har i dag samrøystes gått inn for å arbeide for jamstilling mellom nynorsk og bokmål.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mållaget er veldig glade for at LO, som ein stor og viktig samfunnsaktør, tek eit så klart standpunkt for nynorsk, og ynskjer å vere med i arbeidet for god opplæring i begge dei norske språka i skulen, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

– LO syner med dette vedtaket at dei ser samanhengen mellom norskopplæringa i skulen og eit levande nynorsk i arbeidslivet. Skal nynorskbrukarane kunne bruke språket sitt, må også kollegaene kunne nynorsk. Det får ein berre til gjennom ei obligatorisk skriftleg opplæring i både nynorsk og bokmål. Med dette vedtaket syner LO også at dei stør dei språklege rettane til norske arbeidstakarar. Det er me særs glade for, seier Marit Aakre Tennø.

Mållova er viktig for at nynorskbrukarane skal kunne bruke språket sitt overalt og særleg i arbeidslivet. I fjor opplevde Noregs Mållag ein kraftig medlemsvekst med over 2 200 nye medlemer. Mange av desse nyinnmelde medlemmane er aktive i fagrørsla.

Heile vedtaket ser slik ut:
"LO vil arbeide for gode vilkår for samisk kunst og kultur, og for at Norge framstår som en flerkulturell nasjon med et mangfold av kulturelle uttrykk. LO vil arbeide for likestilling mellom nynorsk og bokmål. Dette innebærer at alle skal kunne bruke sin målform i arbeidslivet, at det blir gitt god opplæring i begge målformer i skolen, og at mållova følges i praksis."