Lær eit språk på 140 teikn

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det enklaste språket i verda

– Leksjonane blir svært korte, aldri meir enn 140 teikn. Ytterlegare 140 teikn til eksempel. I tillegg til dagleg leksjon med eksempel, vil det bli lagt ut lenker til musikk, litteratur, småfilmar og liknande som vil støtta opp under læringsprosessen, seier Hilde Dahlberg som står bak kurset.

Kvifor startar du opp Twitter-kursa i esperanto?

– I fjor køyrde eg eit esperantokurs på Twitter i 125 delar, som ei markering av språket sitt 125-årsjubileum. Då eg vart spurt om å gjera noko liknande i samband med Språkåret, så tenkte eg;  ja, kvifor ikkje? Språkåret 2013 har sjølv understreka at dei ynskjer å feire heile det norske språkmangfaldet, og ikkje berre nynorsk og Ivar Aasen. Så eg tok dei på ordet. Esperanto er trass alt ein del av dette mangfaldet, sjølv om det er ein ganske liten del.

Kvifor bør fleire læra esperanto?

– Nordmenn trur ofte at "alle pratar engelsk", men det er berre sant i nokre ganske få land i Vest-Europa. Eg har fått vener til dømes i Brasil og Aust-Europa, der ein sjeldan talar engelsk og mykje lettare lærer esperanto, seier leiar i Norsk Esperantoungdom, Leif Arne Storset.

– Det finst mange ulike grunnar for å lære seg esperanto. Nokre likar tanken om eit felles, nøytralt framandspråk. Andre ynskjer seg eit verdsomspennande kontaktnett, for å kunna reisa mykje for ein billeg penge. Einskilde er opptekne av at å læra esperanto først, gjer at andre språk blir enklare å læra etterpå, seier Hilde Dahlberg, og legg til:

– Sjølv likar eg å diskutera med folk frå andre kulturar. Ein får innsikt i andre perspektiv, enn ein får når ein berre diskuterer med andre nordmenn. Reint egoistisk så ynskjer eg at fleire lærer seg esperanto, for då vil òg produksjonen av esperantospråkleg musikk og litteratur auka.

LES OGSÅ:– Språket er slottet vårt

Kva kan me rekna med å læra på 30 dagar?

– 30 dagar er ikkje mykje tid, ein vil neppe læra seg heile språket, sjølv om det finst døme på folk som har lært det på så kort tid. I løpet av desse 30 leksjonane vil ein bli presentert for all viktig grammatikk, og òg dei mest brukte orda. I tillegg til sjølve leksjonane og døma, vil det òg bli lagt ut mange lenkjer til diverse andre ressursar. Om ein vel å utnytta òg dette stoffet, har ein meir enn nok til å læra seg språket både godt og grundig, seier Hilde Dahlberg.

Kva tid byrja du å læra esperanto?

– Det var eit godt spørsmål, for eg har byrja og slutta mange gonger gjennom åra. Aller første gongen var vel då eg gjekk på gymnaset på byrjinga 90-talet. Då tok eg eit kort brevkurs i regi av Norsk Esperantoforbund. I desse Internett-tider er det mykje lettare både å finna kurs, og òg å koma i kontakt med likesinna rundt om i verda. Det var først då eg fekk esperantospråklege vener på nett, at eg vart motivert til å læra språket skikkeleg, fortel Dahlberg.

– Eg byrja å ta eit kveldskurs i regi av esperantoklubben i Trondheim ved skulestart hausten 2001. Læraren var ei koseleg dame frå Bryne, fortel Leif Arne Storset. No held han språkkunnskapane vedlike ved å reisa på treff i inn- og utland og halda kontakten med vener på Facebook og epost. 

Kvifor ville du læra det?

– Eg har alltid likt språk, men å læra språk tek jo ein del tid og krefter. Esperanto er "billeg" og lett å læra seg, eg fekk mykja att for lite innsats, seier han.

Hilde Dahlberg seier at ho elska språk, men hata å pugga.

– Då eg kom over eit språk som var så lett å læra, så måtte eg jo snusa litt på det. Eg var ein idealistisk ungdom, som syntest det var urettferdig at nokon måtte sitja å pugga i timar og år, medan andre fekk verdsspråket, les: engelsk, inn med morsmjølka. Desse to tinga fekk meg til å starta, men det som gjer at eg held fram, er vel at det er så artig!

LES OGSÅ: Stadig fleire studerer samisk

Korleis er det å læra esperanto samanlikna med andre språk?

– Det var kjapt og moro. Etter eit par timar i veka i eitt skuleår kunne eg nok til å reisa til Brasil på ungdomstreff om sumaren. Til det fekk eg til og med reisestønad frå eit norsk esperanto-legat, seier Leif Arne Storset.

– Den største skilnaden ligg nok i grammatikken. Sidan språket er konstruert, så har det ikkje fått veksa fram unntak slik som i nasjonalspråk. Det finst ingen ekle sterke verb som må puggast, har du lært å bøya eitt verb, så kan du bøya alle, seier Hilde Dahlberg.

– Ein annan stor fordel er alle for- og etterstavingane. Du slepp å læra separate ord for hund, tispe og kvalp. Om du kan orda hund (hundo), så legg du til etterstavingar for å konstruera orda hundino (tispe) og hundido (kvalp). For kvar einaste ordstamme du lærer deg, så kan du plutseleg ein dunge med nye ord, seier ho.

LES OGSÅ: – Können Sie schon was sagen?

Kva har esperanto-kunnskapane gjeve deg?

– Ei tru på at òg eg kan læra språk. Språk er gøy, og akkurat no held eg på og lærer meg litt islandsk. Esperantoen har òg gjeve meg venner rundt om i verda. Nyhenda kjem liksom litt nærare, når du veit at venninna du bur i nærleiken av det jordskjelvet, eller når du har diskutert helsepolitikk med ein amerikanar. Elles så har eg vorte meir medviten på eigen kultur. Ting som eg hadde trudd var unikt norsk, viser seg å vera ganske allment, seier Dahlberg.

– Esperanto-miljøet er veldig internasjonalt og opent. Det er fullt av spanande folk, og eg har fått kontakt og vorte vener med folk over heile verda. Eg fer stadig vekk på store, velorganiserte treff med konsertar, festar og seminar, eller på små samankomstar med vener, som førre helg då eg var i ein liten landsby i Sør-Frankrike, midt mellom mange vingardar, fortel Leif Arne Storset.

LES OGSÅ:– Sikrare sex med vår verbbøying

Om eg etter Twitter-kurset vil læra meir – kvar er den beste plassen å starta?

– Eg vil tilrå nettstaden Lernu.net. Folk lærer på ulike måtar, og her er fleire ulike typar kurs, noko for ein kvar smak, seier Hide Dahlberg.

– Ein kan også kontakta inform@esperanto.nofor å høyra om det er lokale kurs på gang, legg Leif Arne Storset til.

Sjekk ut denne esperanto-musikkvideoen:

Faktaboks

• Esperanto er det mest kjende og utbreidde internasjonale planspråket i dag.
• Språkprosjektet, som er grunnlaget for esperanto, vart laga av askenasiske Ludowik Lazar Zamenhof frå Polen, og vart lagt fram i 1887. Zamenhof var ikkje lingvist av yrke, men han hadde vakse opp i eit særs ueinsarta språkmiljø og opplevd språkproblem på nært hald heile livet.
• Intensjonen med esperanto var at det skulle bli eit felles hjelpespråk, som alle kunne læra seg i tillegg til morsmålet, for å kunna kommunisera med folk med andre morsmål. • Språket har overlevd med uforandra grunnstruktur fram til i dag, men sjølvsagt med mange nyord som eitkvart anna språk.
• Esperanto har tilhengjarar over heile verda; ingen veit kor mange som kan snakka det. Ordforrådet i esperanto byggjer hovudsakleg på romanske språk med visse germanske og slaviske innslag, med enkle reglar for å setja saman for- og etterstavingar til nye ord.
• Esperanto er lettare å læra enn mange andre språk. Grammatikken er gjennomført regelrett og langt meir lettlært enn i såkalla «naturlege» språk. Uttalen er grei: Éin bokstav – éin lyd; trykket alltid på nest siste staving.
• I løpet av dei litt over hundre åra språket har eksistert, har det aldri «slått igjennom» som verdsspråk, sjølv om det vert brukt dagleg både av fleirspråklege familiar og på internasjonale treff, og ikkje minst på internett.
• Det er skrive mykje originallitteratur på esperanto.
• Mange einskildpersonar brukar språket for å knytta kontaktar over landegrensene og skaffa seg vener eller faglege samarbeidspartnarar i fjerne land.
• Mykje teaterkunst og musikk vert stadig skapt på esperanto, og ein kan trygt seia at esperanto har ein eigen kultur.

Sjekk ut Twitter-kurset her!

Les meir om esperanto på Wikipedia!

Les meir om Norsk Esperanto-Forbund og Norsk esperantoungdom!