Stadig fleire studerer samisk

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette syner statistikk NRK har henta inn. Dei siste åra har også søkinga til Samisk Høgskole i Kautokeino vore aukande. I fjor hadde skulen fleire søkjarar enn studieplassar.  

– Jo fleire som lærer seg samisk, desto betre er det for språkets tilstand, seier sametingspresident Egil Olli til NRK. I nyttårstalen sin fokuserte han på barn og unge:

– Som barn bygger ein opp tilhøyrsle til samisk språk, samisk kultur og samiske verdiar, sa han. Og la vekt på kor viktig det er å lære samisk i barnehagen, og at også barn i byområde eller frå heimar der det ikkje vert tala samisk får høve til å lære språket.  

LES OGSÅ: Vil ha samisk som sidemål

Ikkje friskmeldt
Ein rapport om samisk språk, som vart lagt fram av Nordlandsforskning tidligare i år, syner positive tendensar for bruk av samisk hjå unge. Medan mange 30 og 40 – åringar ikkje brukar samisk aktivt, er situasjonen betre for dei yngre. Rapporten syner og at språket særleg vert brukt i samhandling mellom barn og eldre ute i naturen.

Samstundes får to tredelar av barnehageborna og ein tredel av barn i grunnskulen i undersøkinga, ikkje opplæring i samisk.  

LES OGSÅ: – Alle i Noreg bør kunne lære seg samisk

Av nordsamane i forvaltningskommunane, Kautokeino, Karasjok, Nesseby, Porsanger, Tana og Kåfjord i Finnmark, beherskar prosent av dei spurte samisk flytande eller veldig godt. Det same gjer 20 prosent av nordsamane elles, litt over 30 prosent av lulesamane og knappe 20 prosent av sørsamane. Trass positive tendensar, meiner forskarane at samisk ikkje kan friskmeldast som bruks- og kvardagsspråk i Noreg.

LES OGSÅ: Berre 20 snakkar dette språket

Nyttar språkåret
– Eg meiner at det samiske språket burde brukast mykje meir i det offentlege, men også at samisk skal høyrast og sjåast i kvardagen. Etter mi meining ville det hindra mobbing og gjort samisk til eit naturleg språk, sa Olli i nyttårstalen sin.

I samband med Språkåret 2013 vil Sametinget setje i gang i språkkampanje, som ledd i arbeidet med å auke talet på samiske språkbrukarar. Der skal det setjast fokus på kor viktig det er å velje samisk som heimespråk, motiverast til auka bruk av samisk, vaksenopplæring i samisk og rekruttere andre til å lære seg språket.

Kampanjen skal og vera med på å synleggjera samisk språk i det offentlege rom, og til å endre haldingar til samisk språk.

LES OGSÅ: Skal auka den språklege toleransen

Faktaboks

Samisk
• Høyrer til den finsk-ugriske greina av den uralske språkfamilien. Samisk er slik i slekt med finsk, estisk og ungarsk.
• Samisk kan delast inn i mange språkgruppe, som atter kan delast inn i undergruppe.
• I Noreg er sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk dei mest brukte språkgruppene.
• Nordsamisk vert hovudsakeleg brukt i Finnmark og Troms, og er den største samiske språkgruppa.
• Lulesamisk vert bruk frå Ballangen i nord til Saltfjellet i sør.
• Sørsamisk vert brukt frå Saltfjellet i nord til Elgå i Hedmark i sør.  
• Frå midten av 1800-talet køyrde norske myndigheiter ein fornorskingspolitikk i samiske område, der samiske elevar til dømes ikkje hadde høve til å nytte språket sitt på skulen.
• Sameloven frå 1992 slår fast at samisk og norsk er likeverdige språk i Noreg, og har reguleringar om bruken av språket.