Farleg med unge menn på kjøkkenet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse er farlegast på kjøkkenet

 At dei fleste stjernekokkane i verda er menn, ser ikkje ut til å inspirera unge norske menn i hovudstaden. 

– Analysen vår viser at særleg unge menn har ein større tendens til å steikja kjøtprodukt som hamburgarar og kyllingfiletar for dårleg. Dette gjev ein auka risiko for sjukdom, seier veterinær og matforskar Elin Halbach Røssvoll ved Nofima til Forskning.no.

I samband med doktorgradsarbeidet hennar har 2.000 norske forbrukarar i alderen 18– 80 år fått spørsmål om korleis dei handterer og lagar mat. Menn kom generelt kom dårlegast ut – og spesielt single menn under 30 år i Oslo. Dei slurvar så mykje at det kan føra til både diare og det som verre er.

Menn er ikkje berre for lite flinke til å steikja kjøt godt nok. Dei slurvar også med hygienen. Ofte gløymer dei både å gjera reint knivar og skjerebrett og å vaska seg på hendene.

For å endra på tilhøva, meiner Rossvoll mathandtering bør få ein større plass i skulen.

– Hadde vi fått temaet trygg mathandtering meir inn i skulen, trur eg det kunne utvikla ein basis frå barndommen av. Vi har nye matvanar og heilt andre bakteriar enn for 20– 30 år sidan, seier ho. (©NPK)