Det skal bli lettare å ta sunne val

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik skal folke- helsa bli betre

Meldinga er den første folkehelsemeldinga på ti år. Støre meiner førebyggjande tiltak for betre helse vil bli den viktigaste folkehelseutfordringa framover, og lovar å levera folkehelsemeldingar til Stortinget kvart fjerde år framover.

– Sjukdom kjem meir og meir av måten vi lever på, mat med for mykje salt, sukker og usunt feitt, og for lite fysisk aktivitet. I tillegg er psykisk helse i aukande grad årsak til fråfall og sjukmeldingar. Dette er utfordringar som ikkje kan møtast på legekontoret eller operasjonsbordet. Helse heng saman med korleis vi innrettar samfunnet. I Folkehelsemeldinga legg vi til rette for at det skal bli lettare for den enkelte å ta sunne val, seier Støre.

Fleire helsesøstrer
Dei viktigaste tiltaka i meldinga er:
*180 millionar kroner til 300 nye stillingar ved helsestasjons- og skulehelsetenesta rundt om i landet neste år.
*Nasjonale kampanjar for å få folk meir fysisk aktive.
*Smilefjesmerking av serveringsstader for å gje forbrukarane synleg informasjon om dei hygieniske tilhøva.
*Oppretting av eit nasjonalt senter for ernæring, fysisk aktivitet og helse i barnehagar og skular.
*Betre merking av næringsinnhald og opphav i mat, og innføring av merking av kaloriinnhald på menyar på restaurantar.
*Innføre eit forbod mot transfeitt, som kan auka risikoen for hjarte- og karlidingar.

– For få
Alliansen for ikkje-smittsame sjukdommar NCD, som er sett saman av Kreftforeningen, Diabetesforbundet, Nasjonalforeningen for folkehelse og Landsforeningen for hjerte- og lungesyke, kallar meldinga for lovande.

– Vi er spesielt glade for at det skal satsast på skulehelsetenesta og at det er vilje til å satsa på meir fysisk aktivitet i skulen. Tidleg innsats er viktig, men i eit folkehelseperspektiv må vi alle opp av stolen.

Kampanjar for å gjera 30 minutt aktivitet om dagen like kjent som «5 om dagen» er bokstaveleg talt eit sprekt tiltak, skriv Alliansen i ein uttale.

Alliansen ønskjer seg eit spesielt søkjelys på vaksne inaktive over 50 år.

Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) meiner satsing på helsetenesta og skulehelsetenesta er for svak, og peikar på at Helsedirektoratet har skrive at det manglar 1.550 årsverk på helsestasjonen og skulehelsetenesta.

Norges kvinne- og familieforbund er heller ikkje imponert.

«Skuffende melding. Lite konkret. En oppramsing av hva man skal lage meldinger om eller skal vurdere. Savner skolemåltid som han har lovet mye om», skriv forbundsleiar Elisabeth Rusdal i ein e-post. (©NPK)