Kontantstøttebarn gjer det betre på skulen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Gjer det betre med mor heime

Studien er laga av økonomiprofessor Mari Rege ved Universitetet i Stavanger, Torbjørn Hægeland i Statistisk sentralbyrå (SSB) og Eric Bettinger ved Stanford-universitetet.

Studien tyder på at dei barna som går på skulefritidsordninga (SFO) når skulen er slutt, eller som låser seg inn heime og ventar på at foreldra kjem heim, ikkje gjer det så godt som dei kunne ha gjort om mor var heime, skriv Dagens Næringsliv.

– Eg håper at denne studien kan setje barnet meir i fokus. Spørsmålet er: Har vi tenkt nok på å gi barna eit godt alternativ? Kanskje har skulebarna fått for lita merksemd. Kva er alternativa for skulebarna når mor og far arbeider fulltid? I dag er ofte dei minste barna på SFO, mens dei større er heime åleine nokre timar. Men resultata tyder på at det ikkje er godt nok, seier Rege.

Heildagsskule med læring, fysisk aktivitet, sunn mat, kvile og leik bør vurderast som erstatning for mor mens ho er på arbeid, meiner Rege. Ho er ikkje sikker på om dette er den rette løysinga.

– Det veit vi ikkje, men dersom samfunnet treng mor i arbeidsstyrken, må vi utforske heildagsskulen, seier Rege. (©NPK)