LNK tek pulsen på nynorsken
Korleis ser framtida ut for nynorsken i kommunane, på skulen, i media, på teater og film?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Når Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) denne veka samlast til landsting på Voss tek organisasjonen pulsen på nynorsken på ei rekkje felt.
Onsdag blir det paneldebatt om nynorsk i media. Til å diskutera dette har organisasjonen fått med seg programdirektør i NRK, Per Arne Kalbakk, administrerande direktør i ABC Startsiden, Espen Udland, ansvarleg redaktør i Firda, Yngve Årdal og debatt- og kulturredaktør i Bergens Tidende, Hilde Sandvik.
Seinare på dagen kjem teatersjef Terje Lyngstad ved Sogn og Fjordane Teater for å snakka om nynorsk på teaterscena, og administrerande direktør i Norsk filminstitutt, Nina Refseth for å fortelja om korleis dei snakkar i norsk film.
Nynorske skulebøker og det nye norskfaget er også eit sentralt tema. Torsdag blir det dessutan språkdebatt om norsk språk etter Språkåret 2013.
Landstinget byr dessutan på rikeleg med kultur, prisutdeling for god offentleg målbruk og andre innslag. LNK skal også ha årsmøte. Styreleiar Astrid Myran Aarvik har sagt frå seg attval, og ordførar i Ullensvang, Solfrid Borge, er innstilt som ny leiar.
LES OGSÅ: Målprisen til Linda Eide