Utfordrar oljetilhengarane i Ap

AUF kjempar for stemmerett for 16-åringar, ny oljepolitikk, verneplikt for kvinner og omsynet til barns beste i asylpolitikken på landsmøtet til Arbeidarpartiet.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utfordrar Ap med denne t-skjorta

 

– Me treng ikkje hente opp alt i dag. Noko kan vente på betre teknologi. Noko kan vente til komande generasjonar. No er det turen vår til å seie det som står på t-skjorta mi. At Arbeidarpartiet elskar Lofoten, Vesterålen og Senja, sa AUF-leiar då han tala på landsmøtet til Arbeidarpartiet torsdag.

forslaget til nytt partiprogram for Arbeidarpartiet, har AUF skrive eit heilt nytt kapittel om olje og gass. Ungdomspartiet vil ha meir fokus på å utvinna meir olje frå eksisterande felt enn frå nye. Dei vil heller ikkje konsekvensutgreia områda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Ei konsekvensutgreiing er ofte første steget på vegen mot oljeboring.

LES OGSÅ: AUF krev ny oljepolitikk

Får støtte av Natur og Ungdom
Hordaland AP er blant dei fylkeslaga i Arbeidarpartiet som har sagt ja til konsekvensutgreiing, og grunngjev det med at dei ynskjer meir kunnskap.

Natur og Ungdom er blant dei som meiner det finst meir enn nok kunnskap:

– Gjennom meir enn eit tiår har regjering etter regjering sett I gang nye kunnskapsundersøkingar, og kvar gong har fagetatane enda opp med å fråråda oljeboring i desse områda. Når oljetilhengarane i AP no freistar å skyve kunnskapsbehovet framfor seg virkar det berre desperat. Eg lurar verkeleg på om dei i det heile har teke seg bryet med å lesa den kunnskapen som allereie ligg på bordet, seier leiar I Natur og Ungdom, Silje Lundberg I ei pressemelding.

LES OGSÅ: Borar for miljøet

Stemmerett og verneplikt for jenter
I forslaget til nytt partiprogram har fleirtalet i programkomiteen gått inn for å halda fram med forsøk med stemmerett for 16-åringar i kommunevalet. AUF vil ha det som ei permanent ordning i alle kommunar.

– La oss inkludera alle engasjerte 16- og 17-åringar i demokratiet, sa han i talen sin.

AUF går også inn for kjønnsnøytral verneplikt, og får også støtte frå fleire andre i programkomiteen til dette forslaget.

– AUF ønskjer ikkje at alle jenter skal inn i Forsvaret, eller at det totale talet som skal inn i Forsvaret skal aukast. Her skal behovet til Forsvaret vera styrande. Men me ønskjer at kvinnedelen i Forsvaret blir auka, heiter det i ein nyleg uttale frå landsstyret til AUF.

LES OGSÅ: Få kvinner seg til Forsvaret

Barns beste
AUF har òg tatt dissens i asylpolitikken til fleirtalet i programkomiteen. Dei meiner omsynet til barns beste må vera eit grunnprinsipp i asylpolitikken.

– Born som har budd heile eller store delar av livet sitt i Noreg, med heile sitt kontaktnett her, bør som hovudregel få opphald i Noreg, meiner Eskil Pedersen.

QUIZ: Kva veit du om Arbeidarpartiet?