Nasjonal transportplan 2014-2023 får ei auka ramme på meir enn 150 milliardar kroner, eller nær 50 prosent.

mm

Statsminister Jens Stoltenberg (Ap) kallar Nasjonal transportplan den største satsinga på samferdsel nokosinne. Statsministeren opna pressekonferansen fredag med å vise til at også den tredje utgåva til regjeringa av nasjonal transportplan (NTP) inneber auka investeringar.

– Og den massive satsinga gir resultat. Det blir bygd meir veg og meir bane, og det blir satsa meir på kollektivtransport enn tidlegare, seier statsministeren.

Av det som allereie er oppnådd, trekte statsministeren fram at dødstala på norske vegar har gått kraftig ned.

– Me er no på det lågaste sidan 1950-talet og er kanskje det landet som har sikrast vegar. At det skjer samtidig som me køyrer meir og transporterer meir på veg og bane, er eit teikn på at noko går i veldig rett retning, sa Stoltenberg.

311 milliardar til veg
Regjeringa legg opp til at det skal brukast 311 milliardar kroner til vegformål i tiårsperioden. Nær 292 milliardar kroner går til riksvegnettet, medan nær 20 milliardar kroner blir sett av som eit ekstraordinært tilskot til fylkesvegane.

177 milliardar kroner går til investeringar på riksvegnettet, inkludert 8,7 milliardar kroner til skredsikring. Dette er nær 70 prosent høgare enn nivået i budsjettet for 2013.

LES OGSÅ: Klart for verdas første skipstunnel

168 milliardar til bane
Regjeringa set av 168 milliardar kroner til jernbane. Eit årleg snitt på 16,8 milliardar kroner utgjer ein auke på nær 49 prosent, samanlikna med 2013-nivå.

Til investeringar er det lagt til grunn om lag 92 milliardar kroner. Av dette er 58 milliardar sett av til utbygging av nær 167 kilometer dobbeltspor på InterCity-strekningane på Austlandet. Innan 2024 skal det vera ferdigstilt samanhengande dobbeltspor frå Oslo til Tønsberg, Hamar og Seut i Fredrikstad. Det betyr at reisetida frå Oslo til desse tre byane blir redusert med 20-30 minuttar på kvar strekning, til ei reisetid på rundt ein time eller mindre.

LES OGSÅ: Kortar reisetida med éin time

Regjeringa legg også opp til at ein skal bruka 8,2 milliardar kroner på sykkelvegar dei neste ti åra. Det utgjer ein auke på nær 50 prosent i året, samanlikna med årets nivå.

Kva meiner du om samferdselspolitikken i Noreg? Bør det bli endå meir satsing på tog? Del tankane dine i kommentarfeltet!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43
ANNONSE