Klart for verdas første skipstunnel

Kystminister Lisbeth Berg-Hansen (Ap) er veldig glad for at det blir noko av skipstunnelen over Stad.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jublar for verdas første skipstunnel

Det ligg omfattande vurderingar bak avgjerda, fortalte ho og statsminister Jens Stoltenberg (Ap) torsdag.

– Skal vi lykkast med å transportere meir gods sjøvegen, må vi sikre det krevjande området ved Stad, seier fiskeri- og kystministeren til NTB.

– Dette har vore eit veldig sterkt lokalt ønske. Pådrivarane av prosjektet har arbeidd lenge og heldt ut, så eg er ikkje overraska over entusiasmen. Eg er veldig glad for å vere den kystministeren som kjem med denne meldinga, seier Berg-Hansen.

Bygging i 2018
Ho lèt seg ikkje skremme av at tunnelen ved Stad i Sogn og Fjordane vil bli den første skipstunnelen i verda.

– Noreg som skipsnasjon burde vere eit føregangsland, meiner ho.

Forslaget om å byggje Stad-tunnelen kjem som ein del av Nasjonal transportplan (NTP), som regjeringa skal leggje fram for Stortinget 12. april. Bygginga av tunnelen er planlagt å starte i 2018, altså i siste del av planperioden.

– Det er eit viktig prosjekt. Det bidreg til sikkerheit og betre framkomst, og det er ei stor satsing på kysten. Vi set i gang eit heilt nytt og banebrytande prosjekt, seier statsminister Jens Stoltenberg (Ap) til TV 2.

Rommar hurtigruta
Stadhavet – utanfor Selje kommune, heilt nord i Sogn og Fjordane – er eitt av dei mest krevjande og vêrharde havområda i Europa, saman med Hebridane. Det er målt bølgjehøgder opp til 33 meter. Dei 100 siste åra har om lag

100 menneske mista livet på dette havstykket.

Den totale prisen på skipstunnelen ved Stad har variert med dei ulike alternativa, men utrekningane ligg mellom 1,5 og 1,7 milliardar kroner. Tunnelen skal vere stor nok til å romme skipstrafikk – også hurtigruta.

– Det vil også kome ei hurtigbåtrute mellom Trondheim og Bergen når tunnelen er på plass. Det vil bety mykje for samferdselen på kysten, meiner kystminister Berg-Hansen.

Tryggare passering
Arne Sortevik (Frp) i Stortingets transportkomité kallar Stad-tunnelen for eit viktig nasjonalt prosjekt.

– Det er flott at det kjem pengar til Stad skipstunnel. Frp har kjempa for dette lenge, seier Sortevik til NTB.

Leiar i transport- og kommunikasjonskomiteen Knut Arild Hareide (KrF) skulle helst sett at prosjektet var lagt til første del av planperioden, men understrekar at det viktigaste er at tunnelen blir bygd.

– 38.000 fartøy passerer Stad kvart år. Endeleg ser det ut til å skje noko som gir håp om ei tryggare passering av ei svært ulykkesutsett strekning langs norskekysten, seier Hareide til NTB. (©NPK)