– Lærarane får for lite støtte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høgtståande representantar for skulesektoren frå ei rekkje land samla seg torsdag i Oslo, då Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) la fram ein ny rapport som samanliknar systema for evaluering av skulesektoren i 28 land.

Resultata for dei enkelte land blei offentleggjort i 2011, først no er alle enkeltresultata samanstilte.

Ein av hovudkonklusjonane er at evalueringar av det som skjer i skulen, blir stadig viktigare i alle land, og at det er avgjerande for læringa til elevane at vurderingssystema er så gode som mogleg.

LES OGSÅ: Størst framgang med godt læringsmiljø

Inga formell evaluering

Vurderingane til OECD av det norske systemet frå 2011 avdekte fleire svake sider. Eit punkt som blei trekt fram, var at det norske systemet ikkje har nokon nasjonal standard for rettleiing av lærarane og vurderingar av undervisninga som blir gjeven.

Den samanliknande rapporten torsdag viser at Noreg er eitt av berre seks land som ikkje har noka form for nasjonale reguleringar av lærarvurdering og rettleiing. Ifølgje rapporten skil desse landa seg ut ved at rettleiinga skjer meir uformelt, og er basert på korleis den enkelte skule vel å gjera det.

Då kunnskapsminister Kristin Halvorsen innleidde under OECD-konferansen på Holmenkollen Park Hotel torsdag, gjorde ho det klart at betre lærarrettleiing er eit tema ho vil ta tak i framover.

Statsråden viste til at også TALIS-studien frå 2008 (internasjonal studie om verdien til læraren for undervisning og læring, red.anm.) konkluderte med at den norske skulen manglar ein god tilbakemeldingskultur i alle ledd, frå skuleeigar til skuleleiar, frå skuleleiar til lærar og frå lærar til elevar.

LES OGSÅ: Skal elevar tilsetja læraren sin?

Dårleg på tilbakemelding
– Vi skal setja i gang prosjekt for å prøva ut og evaluera ulike former for lærarevalueringar, og også evaluering av skuleleiarar. Vi vil også arbeida med å analysera eksisterande standardarar, kriterium og skildringar av kva som er god undervisning, fortalde ho

Ho streka samtidig under at ein ny og betre tilbakemeldingskultur i den norske skulen ikkje er gjort over natta.

– Situasjonen har med historie og tradisjon å gjera, og dette er eit endringsarbeid som må gjerast over tid, sa ho.

LES OGSÅ: – Karakter-jag skaper færre gründerar

– For travle
Leiar i Skuleleiarforbundet, Solveig Hvidsten Dahl, seier norske rektorar i dag er så tyngde ned av administrative oppgåver at det er vanskeleg å få til nok rettleiing og støtte til lærarane.

– Vi ser eit stort behov for å få inn fleire støttepersonar rundt skuleleiarane. Oppgåvene rektorane i dag skal løysa er mange og komplekse, frå juridiske spørsmål til økonomi og oppfølging av lærarane. Vi treng å tenkje litt nytt rundt dette. Skuleleiarane kunne hatt stor nytte av støttepersonar med kompetanse på til dømes juss, økonomi og HR-leiing. Viss rektor skal klara å vera eit pedagogiske fyrtårn, må det frigjerast ressursar til det, seier Dahl til NTB. (©NPK)

 

 

Faktaboks

Fakta om OECD-rapport om skulevurdering
* Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) har vurdert systema for evaluering av skulesektoren i 28 land.
* Dei enkelte landrapportane blei offentleggjort i 2011. På ein konferanse i Oslo torsdag presenterte OECD ein rapport som samanstiller funna.
* Rapporten peikar mellom anna på desse manglane i det norske systemet:
* Store variasjonar i kvalifikasjonane til dei som er ansvarleg for vurderingane i dei ulike kommunane og mellom dei ulike skulane.
* Liten grad av nasjonal støtte og rettleiing for å sikra god lærarvurdering rundt om i Noreg.
* Nasjonale styresmakter er ikkje tydelege nok i forventningane sine til skulane og skuleeigarane (kommunane).
* Noreg manglar klare kriterium for å definera kvalitet i utdanningssystemet og strategiar for å kommunisera dette tydeleg til sektoren frå nasjonalt nivå.
* OECD meiner det er ein risiko for at dei nasjonale prøvane blir tillagt for stor vekt i Noreg, og meiner det er ein fare for at det blir sett eit likskapsteikn mellom resultata til skulen på desse prøvane og kvaliteten på skulen. Organisasjonen meiner dei nasjonale prøvane berre i avgrensa grad gjev eit mål på kompetansen til elevane. (©NPK)