Augestikkar forseinkar vegutbygging

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne forseinkar E39

Ein freda augestikkar har forseinka utbygginga av ein del av E-39 i to år. Planarbeidet må reformerast, meiner KrF-leiar Knut Arild Hareide.

Augestikkaren heiter stor torvlibelle, og er sjeldan og freda i Noreg, fortel Dagens Næringsliv. Miljø- og klimaavdelinga til fylkesmannen i Hordaland fann augestikkaren ved den 16 kilometer lange traseen mellom Svegatjønn og Rådal i Os og Bergen. Dermed vart det nye rundar og omreguleringssak i kommunane.

Prosjektleiaren i vegvesenet reknar med at vegen er forseinka med rundt to år. Etter planen blir det no byggjestart i 2014.

Augestikkaren er langt frå eineståande, også spissnuta frosk og stor salamander har tidlegare forseinka vegprosjekt.

KrF-leiar Knut Arild Hareide meiner tida er overmoden for å reformere planarbeidet. Mellom anna må Miljøverndepartementet som øvste klageinstans kutte sakshandsamingstida. (©NPK)

Er det på tide å gjera noko, eller er det bra at ein vurderer nøye konsekvensane av utbygging av vegar?