I det som truleg er det største forsøket med dataspel i norsk skule nokon gong, har elevar fått spela Civilization IV i norsk, engelsk og samfunnsfag i fire veker – tolv timar i veka.

mm
Faktaboks

Civilization 4 er eit tur-basert spel som går ut på å byggja eit rike med avgrensa ressursar. Spelaren får òg kontakt med andre samfunn og kan byggja alliansar og handla med desse. Krig er ein viktig del av spelet, men det kan også vinnast med fredeleg metodar. Les meir på Wikipedia!

Sjå lærarbloggen om bruk av Civilization i skulen her, og sjekk ut denne presentasjonen om prosjektet!

LES FAKTALUKK FAKTA

Korleis byggjer du eit imperium? Det er utgangspunktet for dataspelet Civilization. Ved Nordahl Grieg videregående skole i Bergen har elevar i ein av 1. klassane fått prøva spelet grundig.

– Eg likar å spela i skulen. Det er gøy og annleis enn me pleier å ha undervising, skriv Lotte Haug i denne bloggposten. Ho meiner spelet gjev eit godt innblikk i fleire typar samfunn – anten det er snakk om einevelde, demokrati eller om det er ytringsfridom eller ikkje.

– Eg håpar at dataspel som Civilization kan bli brukt meir i skulen, skriv ho.

Elevane har blogga om erfaringane sine på både engelsk og norsk.

– Blogging er ein kjekk måte å skriva på, skriv Lotte Haug.

– Stoffet sit betre
Lærar Aleksander Husøy seier at inntrykket hans nokre månader etter at forsøket starta er at stoffet sit betre enn det har gjort med elevar der han brukt eit tradisjonelt opplegg.

I ei undersøking sa 90 prosent av elevane at dei likte denne måten for undervising betre eller mykje enn tradisjonell undervising. 30 prosent meinte dei hadde eit høgare læringsutbyte.

Ny dansk forsking viser at bruk av dataspeling i skulen kan gjera at elevane lærer betre. Birgitte Holm Sørensen ved Aalborg Universitet i Danmark seier til Videnskab.dk at spelinga gir dei unge konkurranse og utfordringar. Ho understrekar at det er viktig at konkurransen skjer på ein god måte, slik at det ikkje er dei same elevane som taper heile tida.

LES OGSÅ: – Bruk spel i undervisinga

– Dataspel er framtida
Nordahl Grieg videregående skole er kanskje den skulen i Noreg som satsar mest på dataspel i skulen. Blant anna planlegg dei å bruka Mindcraft i fleire fag, Portal 2 i fysikk, Dear Esther i norsk og The Walking Dead i religion.

 – I løpet av få år vil dataspel bli mykje vanlegare i skulen, seier lærar Aleksander Husøy.

– Burde fleire bruka seg av spel i skulen?

– Definitivt! Den norske vidaregåande skulen er i ei særstilling i verda. Dei siste fem åra har alle norske elevar i vidaregåande hatt tilgang til eigen bærbar pc i skulen, påpeikar han. Etter kvart som det kjem til fleire lærarar som har opplevd eige læringsutbyte ved å spela dataspel, vil det bli stadig fleire som bruker eigne erfaringar i utviklinga av nye undervisingsopplegg, trur Husøy.

Neste skuleår vil to klassar prøva opplegget, og fleire lærarar vil knytast til prosjektet.

LES OGSÅ:– Skytespel er bra for hjernen

Lotte Haug, Marthe Dahle, Fredrikke Hylen har spelt Civilization i fire veker på skulen. Foto: privat

Skepsis
Husøy nemner likevel skepsis blant skuleleiarar og lærarar som årsaker til at spel ikkje i større grad er blitt tatt i bruk.

– Sjølv om det nok er ein heil del lærarar rundt om som har den same forståinga som eg har av at spel kan vera eit ypparleg verktøy for læring, herskar det generelt ein skepsis mot dataspel blant folk. For kvar positive artikkel om dataspel, så er det tre om samanhengen mellom spel og avhengigheit, psykiske problem, vald og liknande. Når skuleleiarar sjølv har manglande kjennskap til spelmediet, kan det vera vanskeleg å gi grønt lys til denne type prosjekt, seier han.

Han legg til at det òg krev at lærarane er villig til å gi frå seg litt av kontrollen.

– Når elevane speler eit spel, særlig eit så ope spel som CivIV, vil elevane eksponerast for ulikt innhald. Dei vil måtte ta stilling til ulike problemstillingar og trekke ulike konklusjonar. Dette krev ein lærar som er kapabel og villig til å omstilla og tilpassa undervisinga til erfaringane til elevane.

LES OGSÅ: – Gaming i timen på Gløshaugen

Meir effektivt
Nolan Bushnell seier at ein kan kutta vidaregåande ned til eitt år viss ein tek i bruk spel effektivt i skulen. Kva meiner du om dette?

– Eg er einig i at vidaregåande sikkert kunne kuttast ned for enkelte elevar, med undervising skreddarsydd til den enkelte, men meiner ikkje at spel er "mirakelkuren" for å oppnå dette. Spel og spelmekanikkar kan brukast effektivt for betre å tilpassa undervisinga til den enkelte sitt behov, men denne tilrettelegginga er ikkje avhengig av spel. Det kan vera nokre elevar som ville hatt fordel av ein "fast track" gjennom vidaregåande for å koma snarare i gang med høgare utdanning, men i det store og det heile meiner eg at tilrettelegginga for ytterlegare læring kan skje innanfor rammene av vidaregåande skule.  Det burde vore fleire høve for flinke elevar til å tileigna seg kunnskapar og ferdigheiter som går utover det som er spesifisert i læreplanen, avsluttar Aleksander Husøy.

LES OGSÅ: Karakter-jag skaper færre gründerar


Bør det brukast meir dataspel i skulen? Korleis meiner du skulen kan bli betre med dataspel? Del tankane dine med oss i kommentarfeltet!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE