– Bruk spel i undervisinga

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Frå fredag til sundag blei det for femte gong arrangert lanparty i Kviteseid. Ungdomar frå 13–19 år fann sin plass i Kviteseidhallen, kopla eigne pc-ar til nettverket og delte filer med andre, spelte, surfa på internett og snakka med kvarandre.

Det blei ny rekorddeltaking i år. Totalt var 230 ungdomar med på arrangementet, dei fleste hadde skaffa seg helgepass og mange heldt ut både natt og dag. I tillegg til mange ungdomar frå alle kommunane i Vest-Telemark, møtte det også unge frå til dømes Drangedal, Lunde og Gjerstad.

Positiv energi 
VTB tok laurdag ein prat med seks vesttelar som heldt det gåande heile helga. Martine Wisland (15) frå Kviteseid deltok for tredje gongen på lanparty.

– Det er kjempebra her, og det er koselege å møte mange nye menneske. Her er det alltid like gøy, seier ho, og legg til at det hadde blitt litt soving på golvet sist natt.

Fyresdølen Sigurd Brekke (14) hadde vore oppe heile natta, og sov to timar på dagtid.

– Eg er med for å spele og kose meg, og det gjer eg heile helga. Eg føler det er veldig positiv energi her, seier han.

Nissedølen Halvor Dahle (17) er også deltakar, i tillegg til at han er med og arrangerer. Han var på plass i hallen alt onsdag.

– Det beste her er folka og at det går an å møtast så mange og så lenge, seier han.

Benjamin Bringsås (16) frå Seljord hadde halde seg oppe heile natta. 

– Eg har ikkje sove, og må prøve å la vere det til natta også. Det er mykje folk her, så det blir veldig sosialt, seier han.

Anne Nordstoga Brekke (15) frå Vinje hadde heller ikkje sove noko. 

– Eg set pris på å møte andre folk og ha det moro. Eg er veldig fornøgd, seier ho.

Emma Solli (13) frå Tokke skulle også halde ut heile helga. 

– Eg er her for moro skuld, for å spele og møte folk. Det har vore bra så langt, seier ho.

Les meir om dataspel her!

Andre innslag også 
Planlegginga av lanpartyet starta i september, og nesten 20 personar var med og arrangerte i helga. Ein av dei var Elisabeth Lid. 

– Her får ungdomane nye venner, og lanpartyet er ein sjekkestad også, eigentleg, smiler ho.

Laurdagskvelden var eit husband med kvitsundelevar i sving i hallen, eit populært innslag. Eit anna tilbod kom frå det lokale skyttarlaget, og 60 unge deltok på skytekonkurransen laurdag.

– Som tidlegare år blei arrangementet også i år veldig vellykka, og me er stolte av lanpartyet, seier Lid.

Var det eit innslag ho skulle ynskt meir respons på, var det føredraget om spel i skuleundervisinga. 

– Eg hadde håpa det ville kome fleire, både lærarar og lokalpolitikarar. Me valde eit tema for å trekkje vaksne, ville vise kviteseidingane kor stort arrangementet er, og ungdomane fortener å få vist seg fram, seier Lid.

LES OGSÅ: – Dataspel kan kutta skulen med to år

– Bruk spel i undervisinga 
Hovudtema på årets lanparty var populære spel i skuleundervisinga. Historielærar Magnus Sandberg ved Stovner vidaregåande skule hadde tatt turen til Kviteseid for å vise døme på spel ein kan bruke på arenaen til elevane.

Sandberg har hatt pc sidan han var åtte år gamal. 

– Då eg blei lærar, var det sjølvsagt at eg skulle bruke dataspel i jobben. Eg trur eg har noko interessant å fortelje i dag, så det kan påverke lærarane til å ta spel inn i undervisinga. Fyrste bod er å vere litt tolmodig og hoppe i det, sa Sandberg til alle

ungdomane og nokre vaksne som høyrde på.

I fleire klasser på skulen der han er lærar har elevane brukt spelet Assassin’s Creed, som inneheld historiske situasjonar og der ein kan bevege seg rundt i byar som til dømes Roma og Firenze. Før spelet blei klart til å bruke, blei det gjort mykje arbeid for at det skulle vere historisk rett.

I skuletimane set Sandberg ned grupper der nokre spelar, medan andre noterer kva dei ser. Elevane har blitt inspirerte til å skrive om mellom anna arkitektur og legekunsten. Ved somme høve har elevane sendt spørsmål på engelsk til historikaren og italienaren Marcello Simonetta, og han har svara og gjeve meir interessant tilleggsinformasjon.

LES OGSÅ: Dataspel i historietimen

Kul læremåte 
– Elevane synest spel er ein kul måte å lære historie på. Dei skriv like mykje som dei spelar, har godt samarbeid og rettar på artiklane til kvarandre. Elevane utviklar tekstar saman, sa Sandberg.

Han nemnde også døme på andre spel, som kan brukast ned til fjerde klasse. Eit spel handlar om å byggje til dømes hus frå botnen av og heilt til det står ferdig og har fått blomar på stovebordet. 

Elevane til Sandberg skaffa seg teikningar av fleire kloster i Oslo, bygde dei opp på spel og lærte historie ved å studere bygningane.

– Eg er oppteken av spelbasert læring. Det er mange andre også, og det må skulane byrje å tenkje på. Dataspel er faktisk ein del av læreplanen, altså noko me skal jobbe med, sa Sandberg. 

Les saka i Vest-Telemark Blad!

Har du tips til dataspel som kan bli brukt i skulen? Del tipsa i kommentarfeltet under!