Brenn for nynorsken

Fylkestinget for ungdom i Sogn og Fjordane brenn for nynorsken, men åtvarar mot konservativt språk.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Åtvarar mot gamal nynorsk

Rekordmange ungdommar deltok på fylkestinget for ungdom i Sogn og Fjordane på Skei Hotell i helga. Det var nynorsk og språk som blei mest debattert.

– Det blei eit overraskande trykk på språk. Inntrykket eg sit igjen med er at folk er veldig positive til nynorskspråket, og at det er viktig å bevare det, samtidig som at er det viktig at bruken av språket ikkje blir for konservativt, seier Benjamin Heimset, avtroppande leiar i Ungdomspolitisk utval.

Meir tilpassa talemålet
Påtroppande leiar Torgeir Timenes Bell seier fylkestinget for ungdom er opptatt av at alle skulebøkene kjem på nynorsk når dei skal og at offentlege dokument òg kjem på nynorsk.

– Me meiner det er bra at alle har sidemål, men me vil gjerne ha ei endring av korleis bokmålselevar har sidemålsundervisinga. Fleire stader blir det behandla som eit framandspråk, seier han til Framtida.no, og åtvarar bokmålsskular mot å bruka ein konservativ og gamal nynorsk.

– Mange blir undervist i ein nynorsk som ikkje er i bruk i dag. Me som har nynorsk som hovudmål lærer ein nynorsk som er meir tilpassa talemålet, seier han.

– Det var veldig kjekt å høyra det brennande engasjementet for språket vårt, legg han til.

– Kvifor meiner du me skal ha nynorsk?

– Nynorsken gjev variasjon i språket, og det er også noko me har hatt i over hundre år. Nynorsken er òg ein identitetsfaktor. I ungdomstida handlar det mykje om å finna seg sjølv. Å ha sitt eige språk er med på å byggja deg opp som person, seier Torgeir Timenes Bell.

LES OGSÅ: – Ivar Aasen ville snudd seg i grava

Laga ny handlingsplan
Det var ungdomspolitisk utval som arrangerte ungdomstinget. Ungdom mellom 13 og 23 år frå 20 kommunar kom saman for å diskutera og læra om ungdomspolitisk arbeid.

Nytt av året var å lage ein ny handlingsplan for ungdomspolitisk utval for åra 2013 og 2014. Gjennom helga skulle deltakarane på fylkestinget komme fram til 15 tiltak til planen som romma tema opplæring, næringsliv, kultur, samferdsle og folkehelse