Vil skilje kvinner og menn i fengsel
Justisminister Grete Faremo vil prioritere å skilje kvinner og menn i norske fengsel.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil skilje kvinner og menn
– Planen for kriminalomsorga i framtida, som kom i januar, seier klart at kvinner som hovudregel skal gjennomføre straff i eigne fengsel eller i avdelingar som er heilt isolert frå menn, sa Grete Faremo då ho innleia Kriminalpolitisk konferanse i går.
– Det er viktigare enn prinsippet om at innsatte skal sone så nært familie og nettverk som mogleg.
Usikker på praksis
I dag vart den tjuande Kriminalpolitiske konferansen avslutta. Konferansen vert arrangert av FO, Norsk Fengsels- og Friomsorgsforbund (NFF) og LO, og hadde i år fokus på kriminalpolitikk og kvinner under straffegjennomføring.
Dosent i pedagogikk ved Høgskolen i Vestfold, Marie-Lisbet Amundsen, teikna under konferansen eit bilete av gruppe med store utfordringar knytt til psykisk helse og rus.
– Kvinnelege kriminelle er ei svært marginalisert gruppe, som treng tidlegare og tettare oppfølging enn dei får i dag, seier Amundsen til Framtida.no.
LES OGSÅ: Hjelper straffa kvinner tilbake
Eit av tema som vart diskutert under konferansen var behovet for eigne kvinnefengsel og skjerma avdelingar for kvinner som sonar i fengsel med ei overvekt av menn. I dag soner mange kvinner i fengsel saman med menn, i strid med ein FN-konvensjon frå 2010, ifølgje Aktuell.no.
Faremo sa ingenting om korleis Justisdepartementet vil gå fram for å skille kvinner og menn i fengsel.
– Eg kan ikkje snakke om budsjettprosessar på denne tida av året, sa ho.
Legg ned kvinnetilbod
Aurora-prosjektet i Bergen, som er eit oppfølgingstilbod for straffedømte kvinner, fekk mykje positiv omtale på konferansen. Prosjektet er no truga med nedlegging.
– Eg har fått invitasjon til å evaluere prosjektet, men rekk ikkje å gjere det fordi det no vert nedlagt. Det er veldig leit, sa Amundsen under sofadialogen på konferansen.
Også stortingsrepresentant frå Justiskomiteen, Tove-Lise Torve (Ap), beklaga at Aurora vert lagt ned.
– Det er trist. Eg kjenner ikkje til korleis det vert finansiert, sa stortingsrepresentanten ifølge Aktuell.no.