Innstilt som leiar i Mållaget

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Marit Aakre Tennø er i dag norskfagskonsulent i Noregs Mållag. Ho ser fram til å ta fatt på leiarjobben:

– Nynorsk er eit vitalt språk som dominerer i dagleg bruk i mange hundre norske lokalsamfunn. Men nynorsken har dei same problema som andre språk i minoritetsposisjon, seier Marit Aakre Tennø. Noregs Mållag trengst til å gå føre i det daglege arbeidet for å få fleirtalet til å ta eit rimeleg omsyn til mindretalet som brukar nynorsk.

– Dette handlar om å gje det nynorske språksamfunnet rammer for å utvikle seg. Det er særs viktig at det offentlege då går føre og forsvarar og styrkjer to av dei aller viktigaste ordningane som sikrar nynorsksamfunnet: sidemålet og mållova, seier Marit Aakre Tennø.

– Dette er ordningar som er heilt avgjerande for å sikre dei nynorske lokalsamfunna den språkkompetansen dei treng og sikre nynorskbrukarane dei mest grunnleggjande språkrettane. Dette er òg særs viktig for å ta vare på den nynorske skriftkulturen som ein del av den felles norske kulturarven, held ho fram.

Marit Aakre Tennø er sunnmøring, men bur i Jostedalen i Sogn. Ho sit i formannskapet og kommunestyret i Luster for Senterpartiet og har dei siste åra arbeidd mykje med bygdeutvikling.

LES OGSÅ: Tek telefonen for tilflytting

LES OGSÅ: Fekk draumane oppfylt

Sigbjørn Hjelmbrekke (33) frå Bø i Telemark er innstilt som nestleiar. Desse er innstilt til styret: Janne Nygård, attval (Oslo), Terje Kjøde attval (Ørsta), Sveinung Rotevatn, ikkje på val (Oslo) og Helga Hjetland, ikkje på val (Kyrkjebø).

Ny fast møtande 1. vara er Ingrid Fiskaa (Oslo), lektor på Hellerud vgs, sentralstyremedlem i SV og tidlegare statssekretær, 2. vara Solgunn Liestøl, attval (Haugesund), 3. vara Randi Lohndal Frestad, attval (Lista) og Magne Heide, ny (Harstad).

Håvard B. Øvregård som har vore leiar i fire år, har sagt ifrå seg attval. Innstillinga frå valnemnda er samrøystes. Det blir landsmøte i Noregs Mållag 19.-21. april i Ørsta.