Fekk draumane oppfylt
Resultatet av tilflyttingsprosjektet i Jostedalen, som starta opp hausten 2008, syner at jostedølene kan stå inne for namnet dei valde.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
35 nye jostedøler, av desse ti nye born på Jostedal oppvekstsenter. Dette er dei mest synlege resultata av tilflyttingsprosjektet «Jostedal – det er dette du drøymer om». Eit prosjekt som starta opp hausten 2008, og som etter ei vidareføring på eitt og eit halvt år, vart avslutta hausten 2011.
Prosjektleiar
– Når me summerer opp prosjektet og det som har skjedd i denne perioden, syner det at me har endra oss frå ei fråflyttingsbygd til ei bygd med stabilt, kanskje litt stigande, folketal, seier Marit Aakre Tennø, som var prosjektleiar for tilflyttingsprosjektet.
– Slik sett kan me seia at tittelen me brukte på prosjektet har slått til; me har absolutt oppnådd det me drøymde om på vegner av Jostedalen, seier ho.
LES OGSÅ: Tek telefonen for tilflytting
Oppvekstsenteret
Særleg for skulen og barnehagen i bygda, Jostedalen oppvekstsenter, har tilflyttinga vore viktig. No er det 44 born ved oppvekstsenteret, og av desse er det elleve som har flytta til Jostedalen dei siste fire åra.
– Det betyr umåteleg mykje for framtida til både skulen og bygda at me no har fått sopass auke i barnetalet, seier Aakre Tennø.
– Og tilflyttinga er av varig karakter?
– Det ser det ut for. I alle høve gjeld dette barnefamiliane som har flytta hit. Alle desse familiane bur her framleis.
LES OGSÅ: Usikkert sjekketriks
Jostedalen står no i startgropa for eit nytt prosjekt. Denne gongen er det eit bulystprosjekt som skal gjennomførast, saman med Værlandet i Askvoll. Dette prosjektet yter Kommunal- og regionaldepartementet til saman 475.000 kroner i tilskot til. Prosjektet, som skal gå over to år, starta formelt opp 1. januar i år
LES OGSÅ: – Livet på bygda er ingen einskap