Har løyst kvise-gåta

Ikkje alle får kviser. Amerikanske forskarar har no funne ut kvifor.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Store kvise-angrep kan snart vera historie, melder Videnskab.dk. Amerikanske forskarar har studert dei bakteriane som fører til kviser, og dette har gjeve dei oppsiktsvekkande oppdagingar av fleire typar kvise-bakteriar. Nokre av dei kan faktisk førebyggja urein hud.

– Ein bestemt for bakteriar kan verna huden. På same måte som nokre bakteriar i jogurt hjelper til med å verna tarmen mot skadelege bakteriar, seier siger forskingsleiar Huiying Li frå David Geffen School of Medicine ved UCLA til LiveScience.

LES OGSÅ: – Bruk mat som medisin

Til saman 100 ungdommar fekk huden sin undersøkt over tid. Forskarane fann to typar bakteriar blant dei som hadde kviser, men ein annan type bakterie i huden til dei som hadde sunn, glatt hud.

– Me har ein mistanke om at denne bakteriestamma inneheld ein naturleg forsvarsmekanisme, som øydelegg dei infiserande bakteriecellane, seier Li.

Han seier at neste steg er å utvikla ein krem som kan bruka anti-kvisebakteriane i kampen mot kvisebakteriane. På sikt trur forskarane at det er mogleg å skreddarsy ein effektiv kvise-behandling for kvart enkelt menneske.

LES OGSÅ: 17-åringar bygde kunstig hjerne som finn brystkreft