Volda vil vinne kampen om studentane

Dei er ambisiøse, dei som står bak prosjektet StudiebygdA

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag var det avspark for StudiebygdA-prosjektet i Volda. Rundt 100 frammøtte bretta opp ermane for å ta fatt på ei svært ambisiøs oppgåve.  

– Om 10–15 år skal Høgskulen i Volda ha dei mest søkte studia på sine fagfelt, utanfor dei store byane. Volda skal ha dei mest nøgde studentane, både fagleg og sosialt, seier prosjektleiar Ragne Ørstavik Sørheim. Ho kallar det for hårete målsetjingar. Dei er hennar utgangspunkt for arbeidet. Måndag fekk ho fleire med på laget til å tenke. Neste steg er å handle.     

 LES OGSÅ: Seks av ti blir buande på studiestaden

Samspel og felles løft
Ordførar Arild Iversen er med på notane. Han kalla samlinga for ein kampstart.  

– Og vi skal kjempe for å nå viktige mål. Vi går til kampen med ei sterk tru på å lykkast.  

StudiebygdA er eit prosjekt som har som målsetjing å styrke høgskulen si rolle og synleggjere Volda for dagens og morgondagens ungdomar. 

 – Vi vil få dei til å velje Volda som sin stad å leve og bu, seier Iversen.  Mellom anna vil dei sjå på kva som skal til for at studentane som tek utdanning i Volda, vert verande i Volda. 

 – StudiebygdA skal utgjere ei forskjell, seier Iversen. Han er klar på at dette ikkje skal verte «nok eit prosjekt» som endar opp i ein prosjektrapport og ingenting meir.  

– Dette skal vere eit løft for bygda, og det skal vere eit tydeleg «før» og eit tydeleg «etter». Vi må vere opne for at det veks fram tankar som vil krevje djerve avgjerder.  

LES OGSÅ: – Ei nasjonal storhending

Prosjektperioden er på eitt år
– Det vil verte både spennande og interessant. Vi forpliktar oss til å gjere eit godt stykke arbeid, og om eitt år kan vi sjå tilbake og vere stolte. Vi er sterke saman om vi vil nok, og vi kan skape og forme eit nytt og sterkt «Vi» i Volda.

 StudiebygdA er forankra i Volda kommune, og er eit samarbeid mellom Studentsamskipnaden, Høgskulen i Volda, Volda Næringsforum, Studenttinget, Møre og Romsdal fylkeskommune, Sunnmøre Kulturnæringshage og frivillige.