Forskar på dei minste

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva kjenneteiknar samtalane i ein barnehage? Og korleis kan born sin medverknad i barnehagen bli forstått i eit menneskerettsperspektiv?

Slik lyder nokre få av spørsmåla ei rekkje forskarar har sett nærare på dei siste åra. Ifølgje Forskingsrådet er barnehageforsking eit relativt ungt felt her til lands. Nyleg presenterte rådet funn frå 13 forskingsprosjekt om norske barnehagar.

Barnehagen i endring

I rapporten ”Funn i praksis” presenterer Forskingsrådet nokre av resultata frå barnehageforskinga. Somme av temaa som forskarane har sett nærare på er formaliseringa av barnehagen, dataspel og digitale verkty, barnehagen som læringsarena, og om borna får det dei har krav på.

Den auka interessa for dei minste heng saman med den eksplosive utviklinga i barnehagesektoren. For ti år sidan gjekk to av tre ett- til femåringar i barnehagen. I dag er talet ni av ti.

Barnehagen har lenge vore i endring. For 40 år sidan gjekk mindre enn fem prosent av alle tre- til seksåringar i barnehage. I 2011 var dekningsgrada 97,2 prosent for 4- og 5-åringar, ifølgje Statistisk sentralbyrå. Og ettersom barnehagen har gått frå å vere eit tilbod til dei få, til å bli ein sentral del av dei fleste sin kvardag, har også krava til kvalitet auka. Dermed vert også forsking på dei minste meir aktuelt enn nokonsinne.

Større krav til dokumentasjon

Blant funna er at barnehageleiarane merkar ei formalisering og standardisering av aktivitetane i barnehagen, og at krava til dokumentasjon har auka. Dette vert i rapporten knytt til nye rammeplanar og den nye barnehagelova frå 2005. Sjølv om omsorgsarbeid framleis er det viktigaste i barnehagen, svarar kring halvparten av styrarane at dei no oppfattar barnehagen som ein utdanningsinstitusjon.

Professor i barnehagepedagogikk ved Høgskolen i Oslo og Akershus, Berit Bae, stadfestar utviklinga i rapporten frå Forskingsrådet.

– Som følgje av at ansvaret for barnehagesektoren vert overført til Kunnskapsdepartementet, vert barnehagen ført inn i kunnskapssamfunnet, seier ho i ”Funn i praksis”.

Bae har arbeidd med barnehagepedagogikk i over tretti år, og har følgt endringane i utdanningspolitikken og korleis desse påverkar barnehagen.

– Barnehagen har fått ei sterkare strategisk betydning som førebuing til skulegang, seier Bae.

Ifølgje professoren har læring alltid vore ein del av det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Ho meiner at det er formaliseringa og standardiseringa av læring som kan vere uheldig.

– Barnehagepersonalet har alltid vore opptekne av det heile bornet. Men, det er ein fare for at nye rammeplanar vert meir og meir lik skulen sin rammeplan, og at barnehagen si innramming vert som skule, seier Bae.

Mange får ifølgje professoren sterke føringar, ikkje minst når det kjem til kartlegging, om å sjå på born i den daglege aktiviteten ut frå dei emna rammeplanen inneheld, i staden frå frå borna sine eigne iniativ.

– Det blir innhaldet i skjema som styrer blikket. Difor må vi kjenne til borna sine rettar, slik som deira rett til medverknad, seier Bae i ”Funn i praksis”.

Manglar førskulelærarar

Sidan slutten av 90-talet har talet på årsverk i barnehage blitt nær dobla, og ved slutten av 2011 arbeidde nær 90 000 personar i barnehage. Mange av desse har ikkje pedagogisk utdanning og på landsbasis manglar vi kring 6000 førskulelærarar.

Forskinga stadfestar at det er vanskeleg å skaffe nok tilsette med formell kompetanse. Som regel har barnehagane fleire assistentar utan pedagogisk utdanning, enn førskulelærarar.

Eit av forskingsprosjekta synte at jo lenger dei tilsette frå begge grupper arbeidde i barnehage, jo meir opptekne vart dei av læring, språkleg kompetanse, og kommunikasjon, språk og tekst.

Digitale endringar

Eit anna prosjekt såg nærare på den digitale kvardagen i barnehagane. Dei siste åra har fokuset på bruk av digitale gjenstandar i barnehagen auka, og presset er stort frå politisk hald om å gjere nytte av digitale verkty, ifølgje rapporten.

Nær alle barnehagane bruker IKT som del av det pedagogiske arbeidet, og forskinga syner mellom anna at det er behov for meir kompetanse på feltet hjå dei tilsette.

Mangfaldig barnehage

Ei anna endring i barnehagane er at dei minste kjem frå fleire ulike bakgrunnar enn før. I 2008 var det over 25 000 minoritetsspråklege born i norske barnehagar. Dei tilsette må difor forholde seg til eit større mangfald enn for ti til femten år sidan.

Eit av prosjekta såg nærare på utfordringar knytt til det auka mangfaldet. Gjennom intervju med tre generasjonar førskulelærarar, freista forskarane å forstå kva for born som til ulike tider vart rekna som annleis enn eit ”vi”. Medan skilet på 50-talet var knytt til klasse, og på 70-talet til born i ”nybyggarfeltet”, har det i dei to siste tiåra vore knytt til andre kulturar.

Funn i praksis

Program for praksisretta FoU for barnehage, grunnopplæring og lærarutdanning er finansiert av Kunnskapsdepartementet og starta i 2005. Målet er å styrke barnehage, grunnopplæring og lærarutdanning gjennom kunnskapsutvikling.

Med rapporten ”Funn i praksis” håpar Forskingsrådet å stimulere til meir forsking og auke moglegheitene for at forskinga vert nyttiggjort.

– Rapporten er laga for å vekkje interessa til studentar og samstundes gje dei ein lett tilgjengeleg inngangsport til forskinga, seier programkoordinator Kari Tonhild Aune, på Forskingsrådet sine heimesider.

Forskningsrådet finansierer no utdanningsforskning gjennom dei to forskningsprogramma Praksisrettet utdanningsforsking – PRAKUT (2010-14) og UTDANNING 2020 (2009-2018).

Kjelde: “Funn i praksis. Ny kunnskap om barnehagen”, Gilje, Øystein (2012), PRAKSISFOU.