Bølgjeforskarar meiner vi veit for lite om når vindturbinane på havet kan knekke, skriv forskingsmagasinet Apollon. Forskarar Jon Grue ved Universitetet i Oslo har nemleg funne ut at når bølgjer over tretten meter slår mot vindturbinen, dukkar det opp ei uheldig kraft på baksida av turbinen. Slike mellomstore bølgjer kan oppstå allereie i vanleg storm, og desse kan det vere mange av i Norskehavet. Den spesielle vibrasjonstypen blir kalla ringing og kan slite på vindmølla og auke faren for kollaps.
I åra framover har Noreg planar om å byggje titusenvis av vindturbinar. Mellom anna er det planlagt ein vindmøllepark med ein kapasitet på to Altakraftverk utanfor Møre og Romsdal.
LES OGSÅ: Kan dekke alt energibehov
– Tek ein ikkje omsyn til ringing, kan vindturbinparkar bli ein økonomisk ruin, åtvarar John Grue.
Saman med to stipendiatar driv han no med utrekningar for å kunne finne ein generell matematisk formel som kan vise korleis ringingkrafta opptrer. Sjefsspesialist Arne Nestegård i hydrodynamikk i Det Norske Veritas stadfestar til Apollon at også Veritas no arbeider med å forbetre ringingmodellane for vindturbinar til havs. (©NPK)