For slapp tannhygiene og for lett tilgang til søtsaker i skuletida slår ut på tannhelsa til 18 åringane.

Kjell Eldegard og Morten Sortland, Sogn Avis
Kjell Eldegard og Morten Sortland, Sogn Avis

Måltala på landsbasis er at 20 prosent av 18 åringane skal ha tenner utan hol det året dei fyller 18 år. Dette er eit mål som 18 åringane i Sogn og Fjordane oppfyller med god margin, men det ser ikkje like skinnande ut i alle delar av fylket.

To-delt
Verst ut kjem truleg 18-åringane som bur i Øvre Årdal. Av dei 35 i den årsklassen som var innom hjå den offentlege tannhelsetenesta i fjor, var det ingen som kunne briska seg med feilfrie tenner. Det vil seia at i staden for «null hol», er tannstatusen til 1994-årgangen i Øvre Årdal «null utan hol».

– Me har alltid vist at tannhelsa til 18-åringane i Øvre Årdal ha vore dårlegare enn det som er måltala. Men då me tok ut statistikken som syner at ingen i denne aldersgruppa hadde kariesfrie tenner, fekk me oss nok eit aldri so lite sjokk, seier tannpleiar Mona Nilsen hjå den offentlege tannhelsetenesta i Årdal.

Ho har også tala for 18-åringane som høyrer heime på Årdalstangen. Blant desse er det 17 prosent som kan smila med kariesfrie tenner. Det vil seia at tangingane sin tannstatus er nær opp mot det som er målet på landsbasis.

LES OGSÅ: Difor droppar vi tannlegen

Fleire årsaker
Tannlegane Shabnam Joudaki og Payam Ruhi, som har jobba i tannhelsetenesta i Årdal sidan våren 2011, fortel at ei av årsakene til den dårlege tannhelsa til ungdomane i Øvre Årdal rett og slett er for dårleg tannhygiene.

– Dei er ikkje flinke nok til å bruka tannbørsten, seier dei.

Mona Nilsen meiner at den stor skilnaden mellom ungdomane i Øvre Årdal og på Årdalstangen kan forklarast med tilgangen til godteri og søtsaker i skuletida. Medan elevane på Tangen skule ikkje har tilgang til butikkar i skuletida, kan elevane på ungdomssteget i Øvre Årdal fritt gå i butikkane i friminuttane.

– Dette ser me att i at tannstatusen til ungdomane i Øvre blir dårlegare år for år frå dei byrjar på ungdomssteget og til dei fyller 18, seier ho.

Får ikkje respons
Dei tilsette i tannhelsetenesta meiner at ungdomane godt kunne vore spart for godteri og søtsaker dei timane dei er på skulen, og har teke spørsmålet om å halda elevane på ungdomssteget borte frå butik­kane i skuletida opp med både skulen og foreldreutvalet ved skulen.

– Men me har ikkje fått gjennomslag for dette hittil, seier Mona Nilsen.

Ho trur at det også kan vera andre årsaker til den dårlege tannhelsa. Mellom anna at Årdal er eit industrisamfunn.

– Dette betyr at ungdomane i Årdal stort sett har bra med pengar mellom hendene. I tillegg er det nok slik at det er mange foreldre som jobbar skift. Noko som me trur kanskje resulterer i lettvinte matløysingar blant ungdomar dersom foreldra er på jobb nå ungdomane kjem heim frå skulen, seier Mona Nilsen.

LES OGSÅ: Tanntastisk tannhelse

– For lett tilgang
– Slutt på godteri og strengare retningslinjer frå skulen.

Det meiner tiandeklassingen Edin Øy (15) og VGS-eleven Truls Hovland (17) er fasiten, dersom Årdal skal nå måltala på landsbasis om at 20 prosent av 18-åringane skal ha tenner utan hol.

Øvring
– Eg trur at lett tilgang til butikken i skuletida spelar inn kvifor øvringane har meir hol i tennene enn tangingane, seier Edin Øy (15).

Han er øvring og veit av erfaring at elevar ofte nyttar seg av tilbodet om å gå på butikken for å handla seg søtsaker i skuletida. Sjølv har han fleire gonger nytta seg av det tilbodet.

– Elevar brukar ofte friminutta til å reisa på butikken å kjøpa seg mat og snop som skulebollar, brus, sjokolade og sånne ting, seier han.

Kameraten hans, Truls Hovland er tanging. Han meiner Edin har heilt rett i det han seier.

– Det blir som Edin har sagt. På tangen har dei ikkje denne moglegheita til å handla snop i friminutta og det er vel grunnen til at me har mindre hol i tennene. Anten det eller så har vel ikkje øvringane høyrt om tanntråd og fluorskyll, seier han og ler.

LES OGSÅ: Ikkje gratis tannlege med det første

Gå til tannlegen
– Kva skal til for at Årdal skal koma opp på landsgjennomsnittet på 20 prosent av 18-åringane skal ha tenner utan hol?

– Ikkje et godteri og gå til tannlegen litt oftare, kjem det kontant frå Hovland.

Øy legg til at han oppmodar skulen i Øvre til å seia nei til at elevar kan handla på butikkar i skuletida.

Les saka i Sogn Avis!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE