Ikkje gratis tannlege med det første

Ap har programfest at tannhelse skal bli eit velferdsgode, men det vil ikkje skje med det første.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På landsmøtet i 2009 vedtok Arbeidarpartiet at tannhelse «skal bli en del av det offentliges ansvar på lik linje med det øvrige helsevesen.»

– Spørsmålet er korleis ein skal innrette det, og utfordringa med alle moglegheitene er at dei er dyre, seier helsepolitisk talsmann for Arbeidarpartiet, Thomas Breen til Klassekampen.

Nordmenn brukar årleg over sju milliardar kroner på private tannhelsetenester.

– Det er vanskeleg å leggje inn den typen pengar i eit budsjett, fordi det er for mange andre føremål å bruke pengar på, seier Breen.

Vedtaket på landsmøtet i 2009 gjekk lenger enn partileiinga i Arbeidarpartiet ynskte. I staden for eit universelt tilbod, ynskte leiinga ei ordning der fleire grupper får refusjon av tannlegeutgifter. Det er den politikken som no blir ført.

– Vi har utvikla refusjonsordningane, og det kjem vi til å halde fram med å gjere, seier Breen.

I tillegg til barn og unge under 18 år, får blant anna psykisk utviklingshemma, rusmisbrukarar, fengselsinnsette og eldre på sjukeheimar gratis tannpleie. (©NPK)