I forslaget til endringar i tobakksskadelova vil regjeringa forby både snusing og røyking på vidaregåande skular over heile landet.

NPK-NTB
NPK-NTB

Statistikkane har dei siste åra vist at talet på unge som røykjer stadig går ned, men at snusen blir meir og meir inn.

Forslaga til endringar i tobakksskadelova skal behandlast av helse- og omsorgskomiteen i byrjinga av mars. Ved Årstad videregående skole i Bergen er ikkje alle einige i at forbodet mot snus og røyk har noko for seg.

LES OGSÅ: Flest jenter på røykeområda

– Kva endring vil det føra til, spør Filip Rødder (20) i eit intervju med Bergens Tidende.

Han trur ikkje eit tobakksforbod vil få noko å seia i praksis. Rektoren ved skulen legg ikkje skjul på at det kan bli vanskeleg å overhalda ei slik lov dersom ho skulle bli ein realitet.

– Å passa på dei som snusar er ei utfordring. Det er mykje lettare å sjå kven som røykjer. Innandørs kan vi kanskje oppdaga det, men utandørs er det vanskeleg å følgja med på, seier han til avisa.

LES OGSÅ: Alkohol og tobakk for 16-åringar

I sju norske fylke er det allereie eit totalt tobakksforbod på vidaregåande skular, men no kan det altså bli forbode ved lov. (©NPK)

Kva synest du forslaget?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE