– Sviktar nynorskelevar i jubileumsbok

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg fortvilar på vegner av alle nynorskelevane. Me har to jamstilte språk; nynorsk og bokmål. Då hadde eg venta meg ei meir lik fordeling mellom nynorsk og bokmål tekst i boka, «Sånn er det bare», seier Marta Sofie Vange, rektor ved Sogndal vidaregåande skule.

Debattbok
Boka, som har fått tittelen «Sånn er det bare», er ei gåve frå Stortinget og regjering til alle førstegongsveljarane i landet, og vert delt ut på til andre- og tredjeklassingar på vidaregåande skular i heile landet. Føremålet med boka er å skapa debatt i høve stemmerettsjubileet. Eit jubileum som markerer at det er 100 år sidan at kvinner fekk røysterett. Boka skal i tillegg fungera som ei oppmoding til å bruka røysteretten.

Sogndalsrektoren er provosert over at Storting og regjering kan stå bak denne bokgåva, når det sviktar heilt på språksida. Kassar med bøkene er komne til den største vidaregåande skulen i fylket, og skal delast ut.

Men rektor legg ikkje skjul på at det gjer vondt å gje alle nynorskelevane deira ei bok som neglisjerer målet deira så grovt.

Skurrar
Ikkje berre er det 100 år sidan kampen for allmenn røysterett vart krona med siger, og dette skal feirast stort.

– Rart at Storting og regjering kan stå bak denne bokgåva, har nesten gløymt nynorsken, og det i eit språkår. Skurrar gjer det, i alle fall for meg. Trist å lesa er det òg, seier Vange.

Dei åtte sidene med nynorsk tekst er skrivne av Olaug Nilsen med «Mora til Maria skal få ny baby», Ingelin Røssland, forfattar som vann UPrisen i 2007 for «Handgranateple». I tillegg er det ei teikning med tittelen «Kvinnelege hovudplagg». Til saman utgjer dette åtte sider.

Har svikta
– Dette er eit døme på at folk ikkje har tenkt og ikkje gjort jobben sin. Skal dei ha ei debattbok i høve stemmerettsjubileet, bør det vera fleire sider med nynorsk enn dei åtte sidene, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Han var ikkje kjend med denne bokgåva, som så totalt ser ut til å ha gløymt at Stortinget har vedteke jamstillingslova, og som jamstiller nynorsk og bokmål.

– Mållaget arbeider med at me skal få gjort synleg det språklege mangfaldet som er i landet vårt. Det krev eit minimum av språkvit. Det minimumet har svikta her, seier mållagsleiar Øvregård, som har vore med på nynorskstafetten i Møre og Romsdal, og deltok fram til og med markeringa i Vik laurdag 9. feb­ruar.

Prosjektet «Sånn er det bare» er finansiert av Stor­tinget og stemmerettskomi­teen ved Barne-, likestillings- og inkluderingsdeparte­ment­et.

Også Mållaget reagerer sterkt på lite nynorsktekst i debattboka.

– Statlege styresmakter og politikarar viser omsyn for den språklege jamstillinga me har i landet. Underleg er det at dei same politikarar kostar på ei bok som i praksis nesten er ei rein bokmålsbok, seier Hege Lothe. Informasjonskonsulenten i Noregs Mållag reiser desse dagane rundt i nynorskfylket Sogn og Fjordane som legg i Nynorskstafetten som Mållaget står bak, og var i går i Sogndal.

Les saka i Sogn Avis!