– Sjøverken går over

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei maritime elevane har kvart år høve til å prøve ut det verkelege sjølivet. I ein firevekers periode får elevane god praktisk læring, nyttige utfordringar på havet, og for enkelte ventar sjøverken.

– Men sjøverken går over, meiner elevane.

– Heldigvis gjekk den fort over, seier Simone Brekke Nærø, Mikal Sporstøl, Henrik Garnes og Richard Berge. Sist vinter var desse fire utplasserte på høvesvis Rem Mist, Olympic Commander, Bourbon Orca og Olympic Orion.

Ifølgje alle fire var utplasseringa på skipa ein kjempehit, ein heilt naudsynt praksis for å kunne fullføre året ved maritime fag, matrosfaget ved Herøy vgs.

– Alt var topp for min del, vi fekk god mat, folka om bord var veldig kjekke og inkluderande og dei var opptekne av at vi skulle lære mykje. Og lærerikt, det var det, fortel Simone, om sine utplasseringsveker på Rem Mist. Alle elevane i 2MA2 fekk utplassering frå midten av november til om lag midten av desember i fjor.

Flott erfaring å ta med seg
Til dei ungdomane som etter eit år på Vg1 TIP eller Vg1 Elektro søkjer seg vidare til Vg2 maritime fag, anten motormann eller matros, gir dei følgjande råd;

– Alle faga på skulen er viktige. Engelsk er viktig fordi instruksar og prosedyrar er på engelsk. Ofte er det fysisk arbeid om bord og gym vert dermed viktig. Det krev mykje av deg å vere på sjø og du må vere på plass gjerne eit kvarter før vakta di startar, meiner dei.

Richard og Mikal er også godt samde i at svært lite fråvere er viktig.

– Reiarlaga har faktisk stort fokus på fråvere. Har du mykje udokumentert fråvere på skulen, så stiller du langt bak i køen når lærlingplassar skal delast ut. Då hjelp det ikkje same kor gode karakterar du har, meiner dei. Henrik og Simone er heilt samde i det.

Godt samarbeid med reiarlag
Herøy vidaregåande skule, elevar og lærarar er takksame for godt samarbeid med lokale reiarlag.

Årets maritime elevar var utplasserte på skip tilhøyrande Remøy Shipping, Rem Maritime, Havila Shipping, Bourbon Offshore, Island Offshore, Olympic Shipping, Farstad Shipping, Color Line og Forsvaret.

– At så mange reiarlag er med og gir våre elevar verdifull læring til sjøs er veldig bra. Vi ønsker også velkomne reiarlaga Neptune Offshore, Sanco og World Wide Supply når vi dei neste åra skal ha utplassering av elevar, seier lærar ved maritime fag ved Herøy vgs, Bodvar Skrede.

Les saka i Vikebladet!