Kva kostar tannlegen?
Forbrukarrådet har laga ein nettstad der du kan gå inn og sjekke prisar for tannhelsetenester.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forbrukarane kan her få betre oversikt over kva det kostar å gå til tannlegen, og det blir mogleg å samanlikne prisar på tannhelsebehandling. I tillegg inneheld portalen informasjon om dei mest vanlege behandlingane og rettane.
Portalen skal gjere sitt til at marknaden blir meir gjennomsiktig, og dermed fører til skjerpa konkurranse. Dette vil også komme forbrukarane til gode.
Portalen gir også ein oversikt over om tannlegen tar i mot nye kundar, tilbyr parkering, har kveldsope og om det er tilrettelagt for personar med nedsett funksjonsevne.
– Det er positivt at vi no får ein eigen nettstad for tannbehandling. Tannlegetenester utgjer ofte ei stor utgift for mange familiar. Når prisane er tilgjengeleg på nett, vil det vere lettare å velje blant dei ulike tilboda, seier forbrukarminister Inga Marte Thorkildsen. (©NPK)