– Bruker lite tid på rettskriving

Lærarar ved lærarutdanningar rettleier studentane lite i rettskriving. – Det betyr mindre å skriva rett i Noreg, seier Jan Olav Fretland.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er lite in å bruka tid på at studentane skal skriva rett, seier Jan Olav Fretland, førsteamanuensis i norsk ved lærarutdanninga ved Høgskolen i Sogn og Fjordane.

Han har sjølv undersøkt korleis nynorskstudentar vel ord i fagspråket sitt. Han finn at det har vore lagt for lite vekt på fagspråksterminologi i arbeidet for nynorsk. I ei spørjeundersøking blant faglærarar i pedagogikk og samfunnsøkonomi viser det seg at lærarane oftast bruker lite eller ingenting tid på rettleiing i rettskriving.

Slo alarm
Måndag slo lektorstudent og sentralstyremedlem i Senterungdommen, Marit N. Krogsæter, alarm om norskkunnskapane til framtidige lærarar. Ho viste til at i løpet av fem år med studiar på lektorprogrammet ved NTNU har ho ikkje eit einaste fag som går direkte på nynorsk og bokmål. Leiaren i Norsk Målungdom, Vebjørn Sture, følgde opp med å seia at det ikkje er kontroll med kunnskapane til dei nyutdanna lærarane i bokmål og nynorsk.

Statssekretær Ragnhild Setsaas (SV) sa onsdag at regjeringa har styrkt norskkunnskapane til lærarstudentane med lærarutdanningsreforma.

LES SAKA: – Lærarutdanninga er styrkt

Meir rett i utlandet
Jan Olav Fretland tvilar på at det er forskjell på rettskrivinga til lektorstudentane på universitetet og lærarutdanningane.

– Det betyr mindre å skriva rett her i landet enn i andre land, seier Fretland.

Han fortel at det er lite retningslinjer for fagspråket her til lands. Og når det gjeld nynorsk, ser det ikkje ut til at det å ha bakgrunn i trygge nynorske skulemiljø åleine er nok til at studentane vel eit konsekvent nynorsk fagspråk.

– Med sterkare vekt på og medvit om behovet for nynorsk fagspråk ved institusjonane, vil ein kunna få vesentleg betre resultat, meiner Jan Olav Fretland.

LES OGSÅ: – Juridiske tekstar er betre på nynorsk