– Oljefondet knuser hjarta våre

Changemaker meiner oljefondet er ute av etisk kontroll.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På valentinsdagen overleverte Changemaker over 7000 underskrifter til Finansdepartementet med krav om eit meir etisk oljefond. Ungdommane i Changemaker stilte med hjarteplakatar og spurde statssekretær Hilde Singsaas (Ap) i Finansdepartementet om regjeringa vil gje meir makt og ressursar til den etiske forvaltninga av Oljefondet.

– Me ser gong på gong at Oljefondet investerer i verstingselskap som bryt menneskerettar i utviklingsland. Det knuser hjarta våre at me som er unge i dag, framtidas pensjonistar, skal få pensjonar som er tente på bekostning av fattige menneske sine liv og helse,seier Ingrid Aas Borge, leiar i Changemaker.

Det er no knapt tre veker sidan det vart kjent at Oljefondet og eit sørkoreansk stålselskap, Posco, fondet investerer i, er klaga inn for brot på OECD sine retningslinjer for ansvarleg næringsliv.

8 skal overvaka 8000 selskap
– Me har faktisk ikkje sjanse til å unngå slike verstingselskap som Posco med dagens etiske forvaltning. Finansdepartementet underfinansierer og trenerer i tillegg ofte arbeidet til Etikkrådet som skal handheve fondets etiske retningslinjer. Oljefondet er ute av kontroll,seier Aas Borge.

Det er berre 8 tilsette i Etikkrådet som skal overvåke 8000 selskap. Med dagens tempo vil det 60 år å berre begynne å undersøke alle selskapa Oljefondet investerer i.

– Me prioriterer å tene meir pengar til pensjonen vår framfor å hindre at investeringane går på helsa laus for fattige i utviklingsland, stikk i strid med intensjonen bak dei etiske retningslinjene for Oljefondet, fastslår Aas Borge i ei pressemelding.

– Uakseptabelt
Changemaker la i haust fram ein rapport over etikken til oljefondet. Der er det lista opp fleire døme der Finansdepartementet har brukt lang tid å vurdere saker om å trekke investeringar i selskap som ikkje blir påverka av det aktive eigarskapet. Fem gonger har departementet brukt over eitt år på å vurdere sakene.

– Det er uakseptabel lang behandlingstid, og kan sjå ut som bevisst trenering av Etikkrådets arbeid. Det som vil hjelpe på sikt er å gje Etikkrådet makt til sjølv å trekke investeringar i verstingselskapa, seier Aas Borge.

Changemaker bruker eit bilde frå politiverda for å forklare situasjonen med dei sterke retningslinjene og det svake Etikkrådet:

– Dagens etikkforvaltning er som å ha ei av verdas strengaste straffelover som blir handheva av ein av verdas minste politistyrkar som i tillegg må be Justisdepartementet om lov kvar gong dei skal arrestere nokon, seier Ingrid Aas Borge, leiar i Changemaker.

Ingrid Aas Borge, leiar i Changemaker, overleverer 7376 underskrifter for meir etikk i Oljefondet til statssekretær Hilde Singsaas.