– Oljefondet er mindre etisk
Changemaker meiner etikkarbeidet til Oljefondet har blitt svekt under Sigbjørn Johnsen si tid som finansminister.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ungdomsorganisasjonen til Kirkens Nødhjelp, Changemaker, legg i dag fram ein rapport om etikk og oljefondet. Ifølgje rapporten vil det med dagens tempo ta 60 år før ein har byrja innleiande undersøkingar for alle selskapa som oljefondet har eigarskap i.
– Det er som om vi har den strengaste straffelova i verda, men at den blir handheva av ein av dei minste politistyrkane i verda som i tillegg må be Justisdepartementet om lov før dei arresterer nokon, heiter det i rapporten.
Budsjettet til etikkrådet er på 11,6 millionar kroner. Det svarar til berre 0,4 prosent av dei samla utgiftene Noregs Bank har til forvaltinga av Oljefondet.
– Etikk er redusert til å vere eit pent ord. Me ser ein klar tilbakegang etter at Johnsen overtok, noko som er beklageleg, seier Changemaker-leiar Ingrid Aas Borge til Aftenposten.
LES OGSÅ:Etikken har kosta
Arild Hermstad, leiar i Framtiden i våre hender, er einig og konstaterer at ambisjonsnivået for etikkrådet har blitt senka.
Finansminister Sigbjørn Johnsen seier til avisa at han ikkje kjenner seg igjen i kritikken.
Fleire forslag
Changemaker kjem med fleire konkrete tiltak for å få fondet til å bli betre til å følgja sine eigne etiske retningslinjer.
– Etikkrådet må gjevast ein meir uavhengig rolle, med større grad av fridom til å trekkja seg frå selskap som bryt med dei etiske retningslinjene.
– Etikkrådet må fleire ressursar. Dette vil gjera det lettare å få meir kontroll.
– Den aktive eigarskapsutøvinga – som eit alternativ til uttrekk – må vera meir open og gjennomsiktig.