250 av landets beste jenter innan realfag vert invitert på gratistur til Trondheim. Sidan 2005 har delen kvinnelege studentar vorte dobla.

– Sjå her på Twitter, sjå kva dei skriv, seier Nina Kotte ein av arrangørane bak jentedagen ved NTNU i Trondheim. Ho smiler breitt og innrømmer at ho får gåsehud.

– Det varmar å sjå sånne meldingar, seier ho og klappar henda mot hjartet.

Tvitringa på telefonen hennar er klar ” Ingenting feil med Trondheim så langt!”.

4 eller betre i matte
Noregs Teknisk-Naturvitskapelege Universitet (NTNU) i Trondheim har invitert 250 av Noregs flinkaste realfagjenter til eit to dagar langt besøk ved NTNU. Omvising og orientering om universitetet, hotellopphald og reise inngår.

Kriteria for å delta er at dei må vere avgangselevar på vidaregåande skule, ha realfagsmatte og ha karakteren fire eller betre i matte. I tillegg har kvar av jentene skrive ein søknad om kvifor nettopp dei skulle få vere med.

LES OGSÅ: – Vi ønskjer å gje matte eit ansikt

Vil utvikle og skape
Utanfor Realfagsbygget på Gløshaugen skin sola, det er vintervêr og 12 minus. Inne står Ragnhild Bakke frå Gjøvik og lyttar aktivt til kva energi – og miljø-student Britt C. Hvinden fortel på standen.

– Eg er veldig freista til å kome hit for å studere. Det er mange gode tilbod og ein stor skule. Eg har alltid likt realfag og synast det er morosamt å rekne og forstå ting rundt meg, fortel Bakke.

På jentedagen har ho vorte kjent med jenter frå heile landet, som er like interessant i realfag som ho sjølve. Ho synast det òg er inspirerande å snakke med jenter som er studentar ved NTNU no.

– Eg har lyst til å vere med å utforme framtida gjennom å kome nye idear. Det verkar veldig spanande, seier Bakke. Ho har førebels ikkje bestemt seg for kva for retning ho vil går, men det vart noko innan miljø og energi.

– Eg ynskjer å jobbe med energiutvikling, anten klima og miljø eller petroleum.

For NTNU er kontakten mellom noverande studentar og potensielle søkjarar svært viktig for å rekruttere fleire kvinnelege studentar.

– Våre studentar er dei beste rollemodellane våre. Dei som kjem hit på besøk ser at det er heilt normale jenter, som dei sjølv og dei kan lett identifisere seg med dei, seier Kotte.

LES OGSÅ: Halvparten angrar på utdanninga

Frå 16 til 28 prosent
I 2005 var delen kvinnelege primærsøkjarar ved realfagsstudia ved NTNU på 16 prosent. I 2012 var talet 28 prosent. Målet er å ha like mange kvinner som menn. Ein primærsøkjar er ein som har studiet på fyrsteplass.

– Jentene som er på besøk her i dag vert våre viktigaste ambassadørar ute på sine respektive skuler. Ei satsing som jentedag er difor veldig viktig for vår rekruttering, seier Kotte.

Syner moglegheiter
Alle dei ulike realfagslinene hadde sin eigen stand og informasjon som dei synte fram til jentene som hadde kome på besøk. Mellom anna var det ein litt uvanleg bil som vakte merksemd

– Dette er masteroppgåva mi. Eg tykkjer det er interessant å gjere noko praktisk, seier John Ola Buøy. Saman med 13 andre har han jobba eit år med eit prosjekt om å byggje ein bil frå botnen av. Alt er laga på NTNU. I mai skal bilen, med namnet DNV Fuelfighter, vere einaste norske deltakar på Shell sin innovasjonskonkurranse i Rotterdam i Nederland. 200 bilar laga av studentar skal konkurrere om gjeve prisar.

– Kva er det som skil denne bilen frå konkurrentane?

– Det kan vi ikkje seie så mykje om no, men vi kan røpe at bilen mellom anna skal gå på energi frå solceller, seier PR-ansvarlig for prosjektet, Vanja Gjelstenli.

LES OGSÅ: Rekordmange ingeniørar

Brukte opp stemma
Inne på stand-området hiv Britt C. Hvinden og studentkollega Ingvild Smelvær seg over ei flaske med vatn.

– Eg er i ferd med å vert heilt hås, seier Hvinden. I to timer har ho prata fortløpande om kvifor dei unge håpefulle 19-åringane bør velje hennar linje ved NTNU, eller i alle fall velje NTNU.

– Eg prøver samstundes å gi eit realistisk bilete av utdanninga. Det er tøft i byrjinga. Dette er ikkje vidaregåande, seier Hvinden.

– Dei som går på NTNU er blant dei ti prosent beste på deira skule. Det er utroleg motiverande å studere saman med så mange som er motivert for å lære. Og motivert for å gjere sitt aller beste, seier Smelvær.

– Og så vert ein jo veldig attraktiv på arbeidsmarknaden av å studere her, legg ho til.

Oppdatert: tysdag 10. september 2019 21.08
ANNONSE