Rekordmange ingeniørar
For første gong er over 6000 uteksaminert innanfor realfag på eitt år.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Statsråd for forskning og høyere utdanning, Tora Aasland, kan slå fast at talet uteksaminerte ingeniører er det høgaste på ti år.
– Ved mange studiestader har problemet til no vore at det har vore for få studentar, ikkje for få studieplassar. No ser det endeleg ut til at interessa for ingeniør- og andre realfag er i ferd med å ta seg opp igjen. Det er framleis stor trong for ingeniørar og andre med realfagsutdanning ute i samfunnet, men desse nye tala viser at vi er på rett veg, seier Aasland.
Auken har vore på 21 prosent sidan botnåret i 2008 og på 12 prosent fra 2010 til 2011. Størst vekst har det vore innanfor teknologifag – noko som oftast gjeld utdanningar på masternivå.
Regjeringa har sett i verk fleire tiltak for å få fleire til å velja realfag. I tillegg pågår det mange tiltak i grunnskulen.
– Det er viktig å styrkja både matteopplæringa og pirra nysgjerrigheita for realfag og teknologi tidleg i utdanningsløpet, understreker statsråden i ei pressemelding.