– Svekkjer sidemålet utan karakter

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Svekkjer sidemålet

– Slik dei nye vurderingsordningane for norskfaget er føreslegne i høyringsbrevet frå Utdanningsdirektoratet, svekkjer dei sidemålsundervisninga sin plass i skulen, skriv Noregs Mållag i ei pressemelding.

Ingen av dei nye vurderingsordningane som Utdanningsdirektoratet har sendt ut på høyring, har eigen karakter i sidemål i ungdomsskulen, og alle ordningane har bytt ut standpunktkarakteren til fordel for ein eksamenskarakter.

LES OGSÅ: Vil ha ekstrapoeng for nynorsk

Kjem med høyringssvar
Etter eit år med mykje uro og debatt om vurderingsordningane i norsk, har no Utdanningsdirektoratet sendt revisjonen av norskfaget på høyring. Noregs Mållag har no gått gjennom revisjonen og framlegget til nye vurderingsordningar, og kome med høyringssvaret sitt.

– For Noregs Mållag er det å oppretthalde statusen og undervisninga i sidemål viktig. Undersøkingar syner at alle reduksjonar i krav eller fjerning av vurdering i sidemål fører til lågare sidemålskompetanse. Difor er Noregs Mållag skeptisk til ei ordning utan vurdering og karakter i sidemål; det vil vere ei klår svekking av sidemålsopplæringa, heiter det.

Likeins er Mållaget skeptisk til ordningar som fjernar standpunktkarakterar til fordel for eksamenskarakter. Dei positive konsekvensane av standpunktkarakter er ei breiare prøving av kompetansemåla i læreplanen enn ein eksamenskarakter gjev. Standpunkt og eksamen har heilt ulike funksjonar, og å fjerne den eine til fordel for den andre vil svekkje prøvinga og dermed òg statusen og plassen til sidemålsundervisninga i norskfaget.

LES OGSÅ: – Lytt til AUF, Kristin Halvorsen

Glad for oppstramming
– Noregs Mållag er glad for at ein no har lukkast med å stramme opp norskfaget som hadde vorte for omfangsrikt. Likevel meiner me revisjonen ikkje i like stor grad har lukkast med å gje elevane ei betre grunngjeving for sidemålsundervisninga slik kunnskapsminister Kristin Halvorsen har etterlyst, heiter det i høyringssvaret frå Noregs Mållag.

Dei er svært oppteke av at sidemålsopplæringa også får ei djupare grunngjeving som tek utgangspunkt i den fellesskapen den norske tospråkstoda gjev, og dei pliktene det fører med seg å vere eit fleirspråkleg samfunn.

– Opplæring i både nynorsk og bokmål er heilt avgjerande for nynorskbrukarane sine språklege rettar. Utan god opplæring i begge språka vil ikkje nynorskbrukarane fritt kunne nytte språket sitt overalt i den norske ålmenta, understrekar Mållaget.

Korleis ønskjer du å ha det nye norskfaget? Kva skal til for at ikkje nynorsken si stilling skal bli svekkja? Diskuter i kommentarfeltet!