– At det ikkje finst nok læremiddel på nynorsk for innvandrarar er berre ein seigliva myte, seier Mali Åm ved Ulstein kompetansesenter.

NPK
NPK

Det har skjedd mykje innan nynorskopplæringa sidan opplæringsprogrammet NynorskPluss vart lansert for 10 år sidan, fortel inspektør Mali Åm ved Ulstein kompetansesenter til Nynorsk pressekontor.

Ho reagerer derfor på at fleire nynorskkommunar i Sogn og Fjordane underviser innvandrarane sine i bokmål med grunngjeving i at det ikkje finst læreverk på nynorsk. Mange av desse kommunane hevdar også at innvandrarane er best tente med å lære bokmål fordi dei seinare flyttar til ein bokmålskommune.

LES SAKA: – Innvandrarar best tente med bokmål

– Vi har gode erfaringar med nynorskundervisning blant innvandrarar i kommunane på Søre Sunnmøre og det finst nynorske læremiddel til alle norskkursa som vi er lovpålagde å ha.

– Vi har asylmottak i Ulstein og dei fleste som får opphald blir busette i regionen rundt. Det er altså store sjansar for at dei hamnar i ein nynorskkommune, seier Åm.

Mest mogleg integrerte
På Sunnmøre kan ikkje innvandrarane velje om dei vil lære bokmål eller nynorsk. Det er nynorsk som gjeld. Enkelte av innvandrarane er skeptiske til å lære nynorsk fordi dei er redde for at det kan føre til problem og diskriminering seinare, men det har vist seg at dette ikkje vert tilfelle.

– Vi vil at dei utanlandske elevane våre skal bli best mogleg integrerte i lokalsamfunnet og lære å snakke og lese det språket vi brukar her. Det blir rart viss elevane møter ein kunstig bokmålsdialekt i undervisninga, og så ein heilt annan på butikken, seier Åm.

LES OGSÅ: – Nynorsken tvinga meg til å utvikla språket

– Ingen problem
Den same oppfatninga har dei ved Førde norsksenter i Sogn og Fjordane. Der får innvandrarane også undervisning på nynorsk.

– Vi har fått tilbakemeldingar frå elevar som har flytta austover som fortel at det ikkje var noko problem. Det er naturleg at innvandrarar lærer den målforma som dei har rundt seg i lokalsamfunnet, uttalte dagleg leiar Ole Magnar Stein til NRK nyleg. Han synest også læreverka på nynorsk er gode.

Likevel er det sju av 26 kommunar i Sogn og Fjordane som berre har bokmål i undervisninga av innvandrarar, fortel NRK. (©NPK)

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

LES OGSÅ

ANNONSE