Vi skulle kunne kriminalisere baksnakking. Å felle dommar etter skjønn er jo ein metode i kunstnariske råd, så vel som i retten.

Søster: AU!

Bror: Eg rørde deg ikkje!

Søster: Gjorde du vel.

Bror: Eg kan ikkje sjå opne sår. Ingen blødningar.

Søster: Det er ikkje sånne skadar. Eg er såra.

Bror: Men det var ikkje eg som såra deg.

Søster: Gjorde du vel. Med det du sa.

Bror: Ærleg talt. Såpass må du tåle.

Søster: "Ærleg talt" er maktspråk.

Bror: Sjølvsagt er det ikkje det.

Søster: Kvifor er det sjølvsagt?

Bror: Fordi eg er bror din.

Søster: Kain var bror til Abel.

Bror: Tru meg, det er sjølvsagt.

Søster: Eg trur deg når du sluttar med dette maktspråket!

Bror: Eg skal gjere mitt beste.

Søster: Den må du lenger ute på landet med.

 

Bror går.

 

Søster: AU!

Tante Sofie: Kva skjedde?

Søster: Veit ikkje.

Tante Sofie: Kor har du vondt?

Søster: Der! Nei, der! Nei, der!

Søster peiker først på hjartet sitt, så på hovudet, så på magen. Ho blir ståande og kjenne på magen. Så seier magekjensla hennar noko. Det neste Søster peiker på, er Bror. Bror skottar bort på oss. Han verkar skuldig. Tante Sofie kan ikkje bevise det, det er berre ei kjensle som tar henne bort til Bror og følgjet hans.

Søster nikkar. Så peiker ho på Bror, seier at det var han. Tante Sofie legg ei hand på olbogen til bror og ei om handleddet. Ei Nikyo-vridning låser bror-arm mot bror-rygg. Litt press mot nerva midt på armen sett han mellombels ute av spel. Bror hyler. Det er berre litt ufarleg smerte, av den typen som ikkje sett att skader, seier Tante Sofie, og forklarar at det berre kjennest vondt. Akkurat som eit eller anna kjennest vondt hos Søster, seier ho, og ropar på Politimeisteren.

Tante Sofie: Bror fornærma Søster.

Politimeister: Har Bror gitt usaklege, injuirerande fråsegn mot Søster?

Tante Sofie: Ja.

Politimeister: Er dei gjort i det offentlege rom?

Bror: NEI, dei er gjort på bakrommet HOST eg baksnakka henne berre litt ALTSÅ berre til slekta, heilt privat, ikkje på TV. Det er ikkje slik at massane hatar henne. Ho er berre litt hata av foreldre og onklar og besteforeldre og slikt.

Tante Sofie: Eg melder Bror til deg, Politi.

Politimeister: Han har ikkje gjort noko ulovleg.

Tante Sofie: Kriminaliser språklege overgrep!

Politimeister: Eg er berre utøvande makt, ikkje lovgivande makt. Du må gå til han som er større enn meg, justisministaren, til dømes og KREMT forresten – det var det Nikyo-grepet du har på armen til Bror.

Tante Sofie: Kva er det med verdas tredje mest nytta aikido-metode?

Politimeister: Om du dyttar armen hans oppover, mot skuldra, går ei oppadgåande spenning gjennom heile armen hans, til olboga, og skuldra. Det er mykje meir effektivt.

Tante Sofie: Er du er på min side, og meiner at baksnakking og oppvigling til konflikt innanfor familiar eller vennegjengar bør bli kriminalisert?

Politimeister: Svarar eg on the record eller uoffisielt?

Tante Sofie: Dette blir kringkasta til alle i verda som har tilgjenge til internett.

Politimeister: Då vil eg ikkje uttale meg. Synest du ikkje at det er naturleg at eg ikkje vil uttale meg? At eg ikkje kommenterar på det som er feltet til Utøvande makt?

Veslesøster: Vendingar som Trur du ikkje at, synest du ikkje, er det ikkje rett at (…) legg opp til at du skal svare "ja". Dei legg opp til at utseiaren skal ha rett. Svar NEI!

Tante Sofie: NEI, eg synest at all form for kynisme og slemme handlingar skal bli kriminaliserte!

Politimeister: Rettssikkerheit mot språklege overgrep kan vere å finne i Injurielova. Denne lova er å finne i det avsnittet som tar føre seg forholdet mellom medium og samfunnet, om kontrakten mellom journalistar og offentlegheita.

Tante Sofie: Det er ei lov for dei som allereie har makt. Valdtektsmenn har forsøkt å bruke den lova mot kvinner som melder dei for valdtekt.

Politimeister: Injurielova var oppe til vurdering av dåverande justisminister etter at ei kvinne hadde meldt ein kar til valdtekt. Straff efter paragrafer 246 og 247 kommer ikke til anvendelse dersom det føres bevis for beskyldningens sannhet. Selv om det føres sannhetsbevis … er beskyldningen straffbar dersom den er fremsatt uten at der var noen aktverdig grunn til det eller dersom den ellers er tilbørlig på grunn av formen eller måten den er fremsatt på eller av andre grunner. (Forf. uth.) (Fra straffelovens Paragraf 249)

– AU, seier Bror, som dei heilt hadde glømt at var der. AU, seier han igjen, Veslesøster krenkar meg. Skuldingane mot meg er usanne, seier han, og ber Søster bevise at han har såra henne.

Søster: Dei av slekta som du snakka med, dei vil ikkje snakke med meg. Tante Sofie, som du ikkje snakka med, ho er framleis glad i meg. Eg har på kjensla at du har baksnakka meg til dei andre.

Bror: Kjensla gjelds ikkje.

 

Kjensla er i slekt med skjønn, som er ein metode brukt i retten, av politiet i felten, av Pressens Faglege Utval, Det litterære Råd, av Kulturrådets Vurderingsutval osb osb. Avgjersler om skuld eller uskuld, bot eller fengsel, stipendtildeling eller ikkje. Slike avgjersler krev komitémedlemmar med hjarte på rett stad, føtene planta i jorda, og klokskap – så vel som intelligens. Komitear er gjerne ei blanding lekmenn og fagfolk. Folk som både kan lytte, men også har noko å fare med, noko å seie høgt. Integritet og motstandskraft mot massen.

Straffelova, paragraf 246, 247 og 249 – om injuriesaker gjeld offentleggjorte ord. Word of mouth, kva seier vi på norsk, sladring, baksnakking, å henge ut for dei som det betyr mest; vennene og familien, det er ikkje kriminelt.

Ein har skilt mellom det skrivne ordet, og det uttalte ordet. No skil ein mellom det publiserte ordet og det private. Det publiserte ordet kan òg vere uttalt, ikkje skrive. Men det handlar heile tida om måtar å bruke språket. Kva makt ligg i språket sjølv, og kva betyr språkmakta for folkestyret? Dette var noko av det makt – og demokratiutgreiinga 1998-2003 skulle handle om, og som du kunne lese om i denne kommentaren. Alle var ikkje samde i konklusjonane i utgreiinga. Ein av dei var professor Siri Meyer. Ho meinte at utgreiinga tok for lite omsyn til språkmakt, og skreiv mellom anna Den politiske journalistikken må verke ut over politikken – og til det politiske, slik at han fangar opp erfaringane frå striden mellom identitetane. Det inneber mellom anna ei overskriding av grensene mellom den politiske journalistikken og kulturjournalistikken (inkludert populærjournalistikken). Madonna og Jon Fosse er nærmare det politiske enn politikarane og dei politiske redaktørane.

Sett på spissen: Madonna og Jon Fosse er politiske. Politikarar er ikkje politiske. Politisk kjem frå latin polit, som betyr for folket. Å vere politikar er å vere for folket. Folket kan velje politikarar. Politikarane er vald på grunnlag av tillit. Folk vel folk til å forvalte fellesskapens midlar; dei som styrer. Dei styrer på grunnlag av Grunnlova. Men måten ein tolkar grunnlova må nokre gongar bli gjort på grunnlag av skjønn.

 

Les første teksten til Mette Karlsvik om det politiske i språket: Oppvask

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42
ANNONSE