85 barn forsvann frå asylmottak i fjor

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

85 barn forsvann i fjor

Medrekna dei tre førre åra har til saman 237 einslege asylbarn forsvunne frå norske mottak, fortel NRK.

Ifølgje rapporten blir 70 prosent av barna borte etter at dei har fått beskjed om at dei skal sendast tilbake til det europeiske landet dei først kom til. Denne regelen vert kalla Dublin-regelverket. Etter at regelen blei innført, har talet på asylbarn som forsvinn auka kraftig, ifølgje rapporten.

PRESS fryktar at dei kan ha blitt offer for menneskehandel.

– Tidlegare var barna unntatt denne regelen. No fryktar vi at dei kan ha blitt utsette for menneskehandel. Vi veit at mange av dei har vore involverte i narkotikahandel, seier PRESS-leiar Andrea Sjøvoll.

LES OGSÅ: Vil ha omkamp om asylborna

Styresmaktene har høve til å gjere unntak frå regelen. SVs stortingsrepresentant Aksel Hagen meiner det bør gjerast oftare. 

– Vi meiner desse barna ikkje burde vere omfatta av Dublin-regelen og det bør gjerast fleire unntak enn det ein gjer i dag, seier han.

Justisdepartementet ønskjer ikkje å kommentere saka. (©NPK)