Tverrpolitiske vyer om bergensbane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Denne våren er det igjen såkalla NTP-tid i det politiske Noreg, nemleg tid for å vedta ein ny Nasjonal transportplan (NTP) i Stortinget. Forum Nye Bergensbanen har i tjue år arbeidd for ei oppgradering av banen mellom Oslo og Bergen.

I høve transportplanarbeidet framover, inviterte forumet saman med samferdselspolitikarane Magne Rommetveit (Ap) og Øyvind Halleraker, (H) til frukostmøte om jernbaneplanane i Stortinget. Møtet gav eit tydeleg uttrykk for at politikarane ynskjer å samle seg på tvers av partilinjer for å få gjennomført Bergensbane-prosjektet og den nye Ringeriksbanen.

LES OGSÅ: Håpar på høgfartsbanen

Draum frå 1858
Utgreiingar som Forum Nye Bergensbanen står bak syner at nytt dobbeltspor mellom Bergen og Arna, opprusting av Vossebanen, fleire kryssingsspor og generell opprusting kan få reisetida ned til berre 4 timar og 15 minutt. Om ein også byggjer Ringeriksbanen vert samla kostnadsramme for dette om lag 50 milliardar kroner.

Ringeriksbanen, ein ny jernbane som i 1992 vart vedteken bygd mellom Hønefoss og Sandvika i Bærum, er langt frå nokon ny idé. Første gong ein slik bane vart føreslegen, var i jernbanens barndom, alt i 1858. 

Folk på Hønefoss drøymde om å kunne reise til Oslo utan å ta omvegen om Drammen.

LES OGSÅ: Arnstad prioriterer byregionane framfor lyntog

Samarbeid kan gi kortare reisetid
– Vi treng eit nasjonalt forlik om satsing på denne banen, sa styreleiar i Forum Nye Bergensbanen, Mona Haugland Hellesnes. Ho oppmoda dei to største partia i landet, Arbeidarpartiet og Høgre, til å ta eit ansvar og laga eit forlik som er robust uavhengig av kva regjering som skal styra dei nærmaste åra.

Hellesnes, som er fylkesvaraordførar i Hordaland og representerer Venstre, peika på at Ringeriksbanen blei vedteken av Stortinget for 20 år sidan. Viss banen blir bygd, vil det åleine korta ned reisetida med ein time.

Direktør Marianne Brohold Einarsen, direktør i NSB som har ansvaret for Bergensbanen, lova også at reisetida mellom dei to største byane i landet kan kortast ned med heile to timar om dei føreslegne oppgraderingane vert gjort.

– Om ein får ned reisetida til 4 timar og 30 minutt, og har avgangar på Bergensbanen kvar andre time, kan vi få ein marknadsdel på regiontog på over 40 prosent, mot dagens 16, sa Einarsen på møtet.

Ho viste korleis togtrafikken kan ta over store delar av flytrafikken mellom Oslo og Bergen dersom reisetida vert vesentleg kortare og banen får fleire avgangar enn dagens fire avgangar i kvar retning.

LES OGSÅ: Utset snarveg til Oslo med 20 år

Inngangen til reiselivsprodukt nummer éin
Turistsjefen på Geilo, Pål Knutsson Medhus, var invitert til å halde det første føredraget, og fekk fram både smil og latter hjå morgontrøtte møtedeltakarar. Med stor entusiasme skildra han korleis ein oppgradert bergensbane kan bety eit løft for alt frå Hurtigruten til hovudstadsturismen.

– Bergensbanen er ikkje berre eit transportmiddel, han er òg ei oppleving. Banen er eitt av dei mest suksessrike reiselivsprodukta i landet og den mest miljøvenlege inngangen til Noregs reiselivsprodukt nummer éin – fjordane, sa Medhus.

LES OGSÅ: Ynskjer seg Ringeriksbane

Vil kombinere med Hurtigruten
Rundturen «Norway in a nutshell», eller Noreg i eit nøtteskal, er kjend for dei fleste som driv med turisme i Noreg. Turen med Bergensbanen og Flåmsbana byr på noko av det beste av fjord og fjell som landet kan by på, og kan gjennomførast på berre sju timar. Turistsjefen på Geilo drøymer om at ein oppgradert bergensbane skal kunne kombinerast med Hurtigruten.

– Bergensbanen kan forlengje den vakraste sjøreisa i verda og bli eit Norway in a kjempe-giga-nutshell, sa Medhus til god latter frå salen.

Om Bergensbanen og Ringeriksbanen vert like sterkt prioriterte i den nye NTP-en som samferdselspolitikarane som var til stades torsdag ynskte, vil den endelege transportplanen seinare i vår syne. (©NPK)

Kva meiner du bør prioriterast når ein skal byggja vegar og jernbane dei neste tjue åra?