Trendy med kjøpestopp

Fleire og fleire er lei av å bruka tid og pengar på kjøpesenter. Forbrukarøkonom meiner kjøpestopp er i ferd med å bli ein ny trend.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Låge prisar på forbruksvarer har saman med god lønsvekst og låg rente gjort at norske forbrukarar i årevis har kunna fylla opp heimane sine med nye ting. Når vi les stadig fleire artiklar om kvinner som praktiserer kjøpestopp, er hypotesen min at nokre føler behov for ein periode med askese etter eit langvarig overforbruk av klede, seier forbrukarøkonom Christine Warloe i Nordea til Vårt Land.

Avisa fortel at kjøpesentra her i landet i fjor hadde ein nedgang i julehandelen for første gong sidan 1980-talet. Folk handla også mindre på nettet enn tidlegare.

LES OGSÅ: Tenk deg om før du kjøper klede

Medan vi brukar mindre pengar på klede og andre materielle ting, brukar vi meir på utanlandsreiser, frisør, spa og andre tenester.

Dette er ei utvikling Warloe støttar.

– Rådet mitt er at dei fleste godt kan bruka mindre pengar på ting og meir på opplevingar som inneber å bruka meir tid saman med andre menneske. Det vil gje meir glede for pengane ein brukar, seier forbrukarøkonomen. (©NPK)