Språket avslørar sjefen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det melder Aftenposten, som viser til ei undersøking Norstat har gjort for konsulent- rekrutterings- og omsetjingsselskapet Amesto.  

– Undersøkinga stadfestar at språk er veldig viktig når leiarar kommuniserar med tilsette og kundar, seier direktør i Amesto, Arne Austrheim til avisa.

Korleis ein formulerar seg skriftleg og munnleg, er i fylgje undersøkinga, viktig for korleis ein vert oppfatta av omgjevingane. Både som sjef og elles.

Mindre profesjonell
Undersøkinga er gjort blant 600 næringslivsleiarar frå ei rekkje ulike bransje, og frå heile landet. 57 prosent av dei spurte oppfattar ein leiar som mindre profesjonell, dersom han eller ho har eit dårlig språk eller slurvar med språket i sin kommunikasjon.

– Dårlig språk kan føre til misforståingar og tapte kontraktar, fortel Austrheim til Aftenposten.

LES OGSÅ: Statstilsette synest sjølve dei skriv godt  

Søkjarar 
I fylgje Amesto bør godt språk også vera viktig for dei som søkjer jobb. Ei parallell undersøking syner nemleg at feilfritt språk vert tillag stor verdi hjå norske næringslivsleiarar, når dei vurderar kandidatar til nye stillingar.    

LES OGSÅ: Nynorsk skaper åtgaum