Då vert ein sett på som ein slask, seier Ingvild Haugo og Marte Mestvedthagen frå Hemsedal. Dei meiner dagens ungdom er utsett for eit press frå mange kantar. 

– Sjølv om vi ikkje føler behov for å meistre alt, er det eit generelt eit press på det å vera perfekt på alle frontar, forklarar Ingvild Haugo og Marte Mestvedthagen, begge 18.

Flinkisgenerasjonen har vorte eit omgrep, etter tolking av funn på ulik ungdomsforsking og gjennom samfunnsdebatten.  

– Det er ei forventing om å skulle gjere det bra, og vi trur det er mange som føler på presset, forklarar Haugo og Mestvedthagen. Dei peikar på skulen, idrett og andre fritidsaktivitetar, og meiner det heile bygger seg gradvis opp.  

– Når ein føler ein må gjere det og det og det, vert ein jo stressa. Med data vert det endå meir stress. Ein vert heilt utsliten til slutt.  

Skjular forskjellar
Forskar ved NOVA og redaktør for Tidsskrift for ungdomsforskning, Åse Strandbu, skildrar omgrepet flinkisgenerasjonen som ei tolking av ulike funn som forskarane har gjort. 

– Vi ser mellom anna at ungdom drikk mindre, og at det er mindre småkriminalitet blant ungdom. Dei er skikkelige og ordentlige. Samstundes skjular desse tendensane, at det er store forskjellar innetter, forklarar ho.

LES OGSÅ: Dagens ungdom er snillare

Skulen
– Med meir lekser vert det meir stress. På vidaregåande har vi i mykje mindre grad tid til alt utanfor skulen, forklarer Haugo og Mestvedthagen. Dei peikar på skulen som ein kime til mykje av presset.

– Ein har jo lyst til å vise kva ein er god for. 

Også forskinga har funne at mykje av presset blant ungdom, kjem gjennom skulen.

– Prestasjonar er viktigare på skulen. Etter dei tidligare dårlege prestasjonane i PISA-undersøkingane, og med kunnskapsløftet, har fokuset i norsk skule endra seg, forklarar Strandu.

LES OGSÅ: Kvifor aukar forskjellane i skulen?

Prestasjonskultur
– Presset ungdom føler kan sjåast i samanheng med at vi lever i ein prestasjonskultur. Men det er sjølvsagt opp til kvar familie korleis dei taklar dette, forklarar Åse Strandbu.

I Noreg har det ikkje vore forska mykje på regionale og sosiale forskjellar når det gjeld ungdomspresset. Men Strandbu meiner tendensar forskarane har funne i andre land, kan vera interessante i Noreg.

– Funn frå andre land syner at det i høgare klasse er viktig at til dømes fritidsaktivitetar skal vera nyttige. Medan barndommen og ungdommen i arbeidarklassen skal vera meir fri.

LES OGSÅ: – Unge tenkjer dei skal klare alt 

Samanlikninga
Jentene trur noko av presset handlar om at det er lett å samanlikne seg med andre. At presset er noko ein føler på når ein høyrer kor bra andre gjer det. 

– Eg har droppa det, men det er mange som kjenner på til dømes klespress – ein skal ha det dyraste og finaste. Vinterjakke til fleire tusen og iPhone for å vera mainstream, seier Ingvild Haugo.

Framtida
Konsekvensane av presset mot ungdom, er forsakarane litt usikre på.

– Nokre undersøkingar syner at ungdoms psykiske helse ikkje har vorte betre. Medan andre syner at den har vorte litt verre, forklarar Åse Strandbuen. At presset vil fylgje dei vidare i livet, er noko som uroar Ingvild Haugo og Marte Mestvedthagen

– Seinare kjem det eit press om å ha perfekt hus, tid til alt og ein stor vennekrins.

LES OGSÅ: Å vere innovervend er bra

Dei meiner prioritering som nykelen til å takle presset.

– Når det er så mykje du kan gjere, må du velje bort noko. Når det er det er ei forventning om at du må hevde deg på fleire plan, er det ikkje lett å fokusere på ein ting. Ein må like fullt prioritere, for ein vert jo aldri ferdig med alt, avsluttar jentene.

Kva meiner du? Er det for mykje press på ungdom i dag?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

LES OGSÅ

ANNONSE