Skal auka den språklege toleransen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det seier prosjektleiaren for Språkåret 2013, Inger Johanne Sæterbakk (31).

Ho viser til at dialektprogram på lokalradioen er kjempepopulære, og at folk har ein kjærleik til språket som alle kanskje ikkje veit at dei har.

LES OGSÅ: Sikrar pengar til språkfeiring

Fem hundre arrangement
Onsdag denne veka vart det nasjonale språkåret 2013 opna i det nye kulturhuset Kilden i Kristiansand. Mange prominente gjester var til stades, og kulturminister Hadija Tajik heldt opningstalen.

– Førebels veit me ikkje kor mange arrangement det vert kringom i landet dette året, for det dukkar stadig opp nye prosjekt. Eg vil tippa at me kjem opp i mellom fire og fem hundre arrangement. Både Bibliotekforeninga og Noregs Mållag skal ha arrangement over heile landet. Somme miljø, som nynorskmiljøet, set i gang av seg sjølv. I andre miljø må ein ta initiativ, men då viser det seg gjerne at dei er svært aktive når dei først kjem på bana, seier Sæterbakk.

– Bokmålsmiljøa er ikkje like aktive?

– Så lenge folk har høyrt til majoriteten, har dei ikkje hatt den same trongen for å gå i tog, men i kunnskapsmiljøa og forlaga vert det mykje aktivitet.

«Allspråk-år»
Den opphavlege prosjektplanen for Språkåret 2013 opererte med eit budsjett på 19 millionar kroner, men det enda med eit budsjett på 6,5 millionar kroner.

– Er dette først og fremst eit språkår for nynorsken?

– Utgangspunktet er 200-årsjubileet for Ivar Aasen og 100-årsjubileet for Det Norske Teatret. Dei har begge stått for språkleg mangfald, men dette omgrepet inneheld no så mykje meir enn det gjorde før. Det er eit «allspråk-år» med utgangspunkt i det nynorske, men målet er at alle språk skal feirast. Mykje handlar om å setja språklege spørsmål på dagsordenen og få til debattar om språk generelt. Me arbeider for å gjera det til noko meir enn eit nynorskår.

– Kva må til for at du skal vera nøgd når året er omme?

– Eg vonar at me har debattert språk på mange vis, og at me har lært noko. Rett nok kan det vera ubehageleg å følgja med på den norske språkdebatten – med negative karakteristikkar og usak­lege utsegner, men eg vonar at me kan skal greia å skapa medvit om språkleg mangfald og skaffa oss kunnskap om den språklege situasjonen i landet. Og at det gjer språkdebatten litt meir kunnskapsrik i framtida.

– I prosjektplanen er det eit mål å gjera bokmålsbrukarane stolte av den nynorske skriftkulturen. Er det mogleg?

– Eg trur det. Mest alle synest at nynorsk er fint i dikt, men slett ikkje alle er dermed klare over at dei har eit forhold til den nynorske skriftkulturen. I Språkåret handlar det mellom anna om å verta kjend med han.

LES OGSÅ: Språkfest i nynorske fotefar

Likar Ivar Aasen
Like før jul vart det norske folket spurt om kva dei tykkjer om Ivar Aasen.

– 96 prosent veit kven Ivar Aasen er. 56 prosent har eit godt eller svært godt inntrykk av språkforskaren og diktaren. Berre sju prosent seier at dei har eit svært dårleg inntrykk av Ivar Aasen, fortel Sæterbakk.

Ho forsikrar at Språkåret ikkje skal verta noko nytt Aasen-år, men fødselsdagen den 5. august skal feirast stort, og Ivar Aasen skal få lova til å pryda eit nytt frimerke.

– Skal Språkåret føra til større aksept for sidemålet?

– Sjølv byrja eg å skriva ny­­norsk etter Ivar Aasen-året, men eg har ikkje ambisjonar om å omvenda folk til eit anna skriftspråk. Men Språkåret er eit viktig år for norskfaget, og det finst debattar som ein må tora å ta.

Den vonde debatten
I prosjektplanen heiter det at Språkåret skal vera moro, men språkdebattar er sjeldan morosame.

– Skal ein berre leggja opp til det som er morosamt, vert ein lite relevant. Det finst fleire debattar som må takast fram mot sommaren, mellom anna om norskfaget. Også i det samiske området går det fleire debattar, og i eit valår kan det vera bra med diskusjon om språk og demokrati. Det er artig med språk, men ein kan ikkje berre vera oppteken av dialektord.

– Men du har arbeidd i Tromsø kommune, og der vart språk­debatten ufyseleg?

– Ingen skjøna nok heilt kva dei sette i gang då dei blanda samiskdebatten inn i valkampen. Det enda med ein debatt som vart frykteleg vond for mange samar, og i kommunestyresalen diskuterte politikarane om peng­ane skulle brukast til samisk språk eller til eldreomsorg.

– Kan ein risikera at Språkåret set i gang liknande, ubehagelege debattar?

– Eg er ikkje så uroleg for det.

– Korleis skal samisk trekkjast inn i Språkåret?

– Sametinget har planar om fleire prosjekt, mellom anna eitt som tek sikte på å få samiske språkambassadørar som skal fremja meir samisk språkbruk i ulike forum.

– Korleis skal innvandrarspråka aktiviserast?

– Me arbeider opp mot biblio­teka i Oslo og Akershus, som er kjerneområde for innvandrarane. Programmet for Språk­året er ikkje endeleg, og mykje er framleis uklart. Me er opne for gode idear.

– Kva kan Språkåret ha å seia for innvandrarane?

– Det handlar om å anerkjenna dei nye talemåla som ein del av språket i Noreg. Eg er oppteken av at me ikkje skal snakka om kva som er rett og gale, feil eller stygt, men sjå på innvandringa som ein del av språkutviklinga, og at ho tilfører noko. Det er interessant å høyra refleksjonar kring det å vera fleirspråkleg, og det er interessant å få høyra historia til ulike språkbrukarar. Å auka den språklege toleransen er eitt mål for Språkåret.

LES OGSÅ: Frontar Språkåret med eigen portal

Dialektserie
Språkåret har planar om å gje ut eit språkmagasin i mars, og der får ein møta representantar for dei ulike språka.

Mellom dei mange andre planane som er nemnde i prosjektrapporten, er å kåra Noregs nasjonale kraftuttrykk, men førebels er ikkje framdrifta for bannskapen avgjord.

NRK arbeider dessutan med ein stor dialektserie som kjem på fjernsynet til hausten.

– Då Trond Giske var kulturminister, sette han i gang «mangfaldsåret», men det vart stort sett berre tull. Kjenner du deg sikker på at ein kjem til å lukkast betre med Språkåret?

– Ein må arbeida for det! Alle dei lokale initiativa som dukkar opp, frå skuleprosjekt i fjerdeklasse i Jølster til ein litteraturfestival i Varangerbotn, får meg til å tru på at me kjem til å lukkast. Dei nasjonale initiativa er gode, men viss ein ikkje greier å forankra det lokalt, er det ikkje godt nok. Etter at Språkåret har vorte meir kjent, er det dagleg folk som tek kontakt med oss. Er engasjementet stort nok, er det mykje ein kan få til for små midlar, meiner Inger Johanne Sæterbakk.

LES SAKA I DAG OG TID!