Flest lærlingar i sør og vest

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Lærlingar blir betre leiarar

 

Ifølgje ferske tal frå Statistisk sentralbyrå er det 977 lærlingar per 100.000 innbyggjarar på Sørlandet. På Vestlandet  er talet 936, Nord-Noreg 919, Trøndelag 910 og Austlandet 532.

– Tala er oppløftande med tanke på framtidig næringsutvikling i landsdelen, seier Fred Skagestad, utdanningsrådgivar i NHO Agder, i ei pressemelding.

Rogaland er det største lærlingfylket, med 2389 godkjente lærekontraktar i haust. Hordaland kjem på andreplass med 1834 kontraktar.

Størst auke i nye lærekontraktar
Kunnskapsdepartementet og organisasjonane i arbeidslivet underteikna i april 2012 ein eigen samfunnskontrakt med forpliktande målsetting om å auka talet på godkjende lærekontraktar med 20 prosent frå utgangen av 2011 og fram til 2015.

Ifølgje tall frå Kunnskapsdepartementet var det ved inngangen til november 2012 inngått nesten 4 prosent fleire nye lærekontraktar enn på same tidspunkt i 2011. Dei ulike landsdelane har følgjande prosentvise auke i talet på nye lærekontraktar: Sørlandet (20,2), Vestlandet (5,8), Austlandet (1,3), Trøndelag (0,7), Nord-Noreg (-0,2).

– Føretrekk leiarar med lærlingbakgrunn
LO og NHO har gjennom Nasjonal Aksjon Lærebedrift sett fokus på behovet for fleire og meir fleksible læreplassar.

– Mange bedrifter føretrekk leiarar, ingeniørar og andre medarbeidarar, som har starta karrieren sin som lærling. Med læretid og fagbrev er det store høve til vidareutdanning med fagskule, meisterbrev og høgare utdanning, som Y-vegen i ingeniørfag ved Universitetet i Agder, framheld Fred Skagestad i NHO Agder.

Flest lærlingar kjem frå teknikk og industriell produksjon. Bygg- og anleggsteknikk, elektrofag og helse- og oppvekstfag kjem på plassane etter. Færrast lærlingar kjem frå media- og kommunikasjon. Berre 97 har fått godkjent lærekontrakt frå dette utdanningsprogrammet per desember.