I Språkåret 2013 legg Ivar Aasen ut på noregsturne og dukkar opp gratis på mobilen. Ein hundreåring i hovudstaden får også prege feiringa. 

NPK
NPK

Allereie 2. januar går startskotet for Språkåret 2013, med ei markering av at det er hundre år sidan den første framsyninga til Det Norske Teatret. Det skjer i kulturhuset Kilden, den nye storstova i Kristiansand, i same by og på same dato som Det Norske Teatret opna i 1913.

Kulturminister Hadia Tajik står for den offisielle opninga og markeringa byr også på ein nykomponert fanfare og ein prolog av Jon Fosse. Det er Nynorsk kultursentrum i Ørsta som på oppdrag frå Kulturdepartementet har fått i oppgåve å driva Språkåret. Bakgrunnen for at 2013 skal vere eit språkår, er at det er 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd og 100 år sidan Det Norske Teatret opna.

Med Aasen i lomma
Mykje av programmet under Språkåret 2013 er knytt til hundreåringen Det Norske Teatret, med både folkefest og jubileumsutstilling om teateret si historie. Men 200-årsjubilanten Ivar Aasen får i høgste grad også sin del av merksemda. Allereie no kan du laste ned ein gratis Aasen-app til mobil og nettbrett. Dagens Aasen-ord er ein elektronisk almanakk som byr på eit ordtak for kvar dag, henta frå «Norske Ordsprog av Ivar Aasen».

Og det er ikkje berre på mobilen at nynorskfaderen blir å sjå. I heile språkåret skal den nye utstillinga Viljen til språk stå i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda. Aasen finn også vegen til scena. Syngjespelet Ervingen av Aasen var det første teaterstykket Det Norske Teatret sette opp og 6. mars blir det vist på Garborgsenteret på Bryne.

I slutten av januar byrjar Målreisa, ein språkstafett i regi av Noregs Mållag som startar i dei sunnmørske heimtraktene til Ivar Aasen. Derifrå går reisa vidare i fotefara til Aasen, med arrangement i mållaga over heile landet.

QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?

Meir enn nynorsk
Av det som er spikra av program til no, kan det sjå ut som om språkåret i stor grad er ei nynorskfeiring. Men prosjektleiar Inger Johanne Sæterbakk avviser at Språkåret berre er til for dei som skriv «eg» og «ikkje». 22. januar blir det mellom anna eit føredrag om historia til bokmålet/riksmålet på Litteraturhuset i Oslo.

– Til no har det vore lettast å engasjere nynorskmiljøet, nettopp fordi det finst eit slik konkret miljø. Men vi jobbar med å få fleire arrangement frå andre språkaktørar også, forklarer Sæterbakk.

– Mykje av programmet er framleis under utvikling, og det vil sikkert kome dobbelt så mykje på programmet som det er i dag, legg ho til.

LES OGSÅ: – Nynorsk tvinga meg til å utvikle språket

Slag i slag
Neste år byr også på fleire språkkonferansar. Den fyrste går av stabelen i mars på litteraturhuset i Bergen, og i mai blir det ein konferanse om kvensk språk i Vadsø. Deretter blir det i oktober heldt ein nordisk ungdomskonferanse om språkmangfaldet i Norden i Oslo, og i november skal Tromsø vere vertsby for ein verdskonferanse om språkmangfald.

I august blir band 1 av Norsk ordbok lansert, medan oktober byr på barnelitteraturveke i Ivar Aasen-tunet. Gjennom heile året vil Ringsaker bibliotek vere vertskap for fleire språkarrangement støtta av Fritt Ord, desse er spesielt knytt til spørsmål om heimstader, språk og identitet.

Språkåret 2013 tek også sikte på å gjere folkebiblioteka til eit møtepunkt. I veke 36 og 43 blir det arrangert såkalla Demokratisk forspel på bibliotek over heile landet. Målet er å på ny gjere biblioteket til ein debattarena.

LES OGSÅ: – Språket er slottet vårt

Vil involvere
nettportalen til Språkåret kan folk no melde inn eigne arrangement. Einaste vilkåret er at det må ha språk som tema på eit eller anna nivå. Prosjektleiar Inge Johanne Sæterbakk ser fram mot eit år der ho håpar språk blir sett på dagsorden i mange ulike samanhengar. Sjølv om Språkåret har tydelege røter i jubilea til to nynorskgigantar, fryktar ho ikkje at det blir eit år som berre nynorskbrukarar bryr seg om.

– Språkåret vil sjå Aasen og Det Norske Teatret i 2013-perspektiv, og då er det naturleg å løfte dei to miljøa til å handle om noko meir. I dag står Det Norske Teatret i bresjen for språkmangfald på norske teaterscener og har starta ei teaterutdanning for ungdom med utanlandsk språkbakgrunn. Ivar Aasen sitt prosjekt har gjort oss meir opne for nettopp det som Språkåret 2013 skal handle om: språkleg mangfald.

LES MEIR OM SPRÅKÅRET HER!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

Kommentarar

ANNONSE