Etter å ha venta i over 15 år får Yousef Shamari det raude passet.

mm

Yousef Shamari har budd i Noreg i 15 år og 10 dagar, og like lenge har han vore statslaus.

– No er eg berre veldig, veldig glad. Eg er mållaus! seier Yousef Shamari.

Tysdag kveld fekk han telefon frå Nettavisen etter at dei hadde undersøkt saka hans med UDI.

– Me tok kontakt med politiet i går, og fatta vedtak i saka i går. Så no kan han få eit norsk pass på vanleg måte hos politiet, sa Cecilie Sande Amundsen, områdesjef for permanent oppholdstillating, reisedokument og statsborgerskap i UDI til avisa.

QUIZ:Kva veit du om innvandring?

– No kan eg endeleg bevisa at eg er norsk statsborgar. No kan eg endeleg stemma, og ikkje bli ekskludert. Det er stort, seier Yousef til Framtida.no.

For vel eitt år sidan lova dåverande barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken at Yousef skulle få norsk statsborgarskap etter ei varsla lovendring.

Kronikk gjorde inntrykk
Rett før lokalvalet i fjor skreiv Yousef ein kronikk på Framtida.no om korleis det å vera statslaus. Korleis det er å ikkje kunne dra på skuletur til utlandet eller få stemma.

«For meg er det veldig trist å tenke på at jeg ikke har samme rettigheter som andre ungdommer på min alder», skreiv han.

– Audun Lysbakken sa til meg at han hadde lese kronikken min, og at den gjorde inntrykk. Då blei eg berre heilt sett ut, seier Yousef glad.

LES KRONIKKEN: Hva betyr det lille røde passet?

Gjeld fleire tusen born
I 2010 var det 900 born som fekk avslag på norsk pass. Fleire tusen flyktningeborn har dei siste åra blitt nekta pass fordi foreldra ikkje har gode nok identifikasjonspapir.

1. desember i fjor gjekk Barneombodet ut mot regjeringa, og sa at det var uakseptabelt at det bur statslause born i Noreg, og spurte kvifor det hadde tatt over to år sidan høyringsfristen for avklaring av situasjonen for statslause born gjekk ut, utan at noko hadde skjedd.

LES OGSÅ: – Fangar lidenskapen gjennom linsa

To veker etter varsla regjeringa ei lovendring. Denne blei gjeldande frå 1. juli i år. Sidan den gong har Yousef venta på svar.

– No ventar eg berre på at søskena mine òg skal få pass, seier han.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41
ANNONSE