Elevane på Ørsta vidaregåande skule har fått eit alternativ til tomme magar og usunn mat.

Kjell Arne Steinsvik, Møre-Nytt
Kjell Arne Steinsvik, Møre-Nytt

Skulen har engasjert ein lærekandidat til å lage frukost og varm lunsj fire dagar i veka.

Kvar morgon klokka 07.15 frå måndag til torsdag klargjer lærekandidat Marthe Elise Almås (20) skulekantina for eit innrykk av elevar som vil ha frukost før dei tek til på undervisninga. Etterpå startar ho på dagens lunsj som vert servert i kantina i storefri.

Almås har gått på kokkelinja på Ørsta vidaregåande skule i to år, og har sidan i haust hatt lærepraksis på skulen. No sørgjer ho for at dei andre elevane på skulen har eit godt mattilbod gjennom skuledagen.

Fokus på kosthald
– Ved å ha ein eigen kokk på skulen, oppnår vi fleire fordelar, seier rektor Roger Fylling.

– Vi treng fleire lærebedrifter. Då tek vi ansvar sjølv ved å tilby læreplassar. Innan IT har vi hatt lærlingar i fleire år. For det andre får elevane på skulen eit sunnare kosthald. Vi utdannar elevar innan ernæring og helse, og å gjere elevane meir ansvarsmedvitne på kosthaldet, ser vi på som eit bidrag frå vår side, seier Fylling.

Billeg måltid
Prisnivået i kantina er også svært venleg for slunkne studentlommebøker. Ein fast pris på trettifem kroner for dagens lunsj er eit rimeleg alternativ til andre, dyrare ferdigrettar.

– Marthe lagar husmannskost slik at elevane får ein god frukost og varm lunsj for ein billeg penge. Vi ser at nokre elevar framleis vil ha cola og bollar, og vi vil ikkje ta frå dei mulegheita til det. Men vi ønskjer å gje dei eit sunt og godt alternativ, seier Fylling.

Han registrerer at ordninga med frukost og varm lunsj har ført til ein auke i bruken av kantina. Også tilsette på skulen har teke i bruk kantina i større grad enn før.

 – Travelt, men kjekt
Marthe Elise Almås synest sjølv det er fint å vere lærekandidat på skulen ho har gått på i to år og få ansvaret for menyane.

– Det går bra. I starten var det litt tøft å kome inn i det, og vi starta med berre frukost for å sjå om elevane brukte tilbodet. Så utvida vi med lunsj. Det er ein travel kvardag, men det er kjekt, seier ho.

På lunsjmenyen står alt frå tomatsuppe og pastarettar til taco, lasagne og potetball.

– Det er greitt å få vere med å bestemme sjølv, i staden for å måtte lage etter ein fast og planlagt meny, seier ho.

Rektor Roger Fylling på Ørsta vidaregåande skule er godt nøgd med den nyoppussa kantina og det nye mattilbodet. Foto: Kjell Arne Steinsvik

LES SAKA I MØRE-NYTT!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE